Årsmøte i Radøy Bondelag
Til medlemane
INNKALLING TIL ÅRSMØTE 2019
I samsvar med §14 i Lover for Norges Bondelag, vert det kalla inn til årsmøte i Radøy Bondelag.
Møtet vert halde på Smith’s møte og selskapslokale tysdag 29.oktober 2019 kl 20.00.
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar, skrivar og to til å signera møteboka
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Arbeidsplan for komande arbeidsår
6. Val i samsvar med lovene
a. leiar (for 1 år)
b. to styremedlemar (for 2 år)
c. tre varamedlemar i nummerorden (for 1 år)
d. to revisorar og ein vara
e. valkomite (eit nytt medlem)
7. Innkomne saker
Saker som ein ynskjer handsama under pkt.7 skal vera leiar Asgeir Nøttveit i hende seinast 8 dagar før årsmøtet.
Rekneskap vert framlagt på årsmøte. Årsmeldinga ligg ved.
Det kjem ein representant i frå Hordaland Bondelag.
Servering. Vel møtt!!
STYRET