Årsmøte i Ølve og Hatlestrand Bondelag
Innkalling til årsmøte
I samsvar med § 14 i Lover for Norges Bondelag vert det kalla inn til årsmøte i Ølve og Hatlestrand Bondelag. Møtet vert halde på Hatlestrand gamle skule 29. oktober klokka 20.00.
Sakliste:
1. Opning ved leiar
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av møteleiar
4. Val av referent og to til å skrive under protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap
7. Innkomne saker
7A. Framtida for Ølve og Hatlestrand Bondelag. Er det nok engasjement til å halde fram som eige lokallag, eller skal laget slå seg saman med eit av nabolaga?
8. Arbeidsplan for komande arbeidsår
9. Val i samsvar med lovene
a. leiar (for 1 år)
b. to styremedlemer (for 2 år)
c. tre varamedlemer i nummerorden (for 1 år)
d. utsending til årsmøte i fylkesbondelaget (i tillegg til leiar), m/varautsending
e. to revisorar
f. valkomité
10. Fastsette eventuell godtgjersle til tillitsvalde
Saker som ein ønskjer handsama under pkt. 7 skal være leiar kristoffer Nerhus i hende seinast 28. oktober. E-post: olve-hatlestrand@bondelag12.no
Servering. Vel møtt!
STYRET