Til medlemene

 

Innkalling til årsmøte

I samsvar med § 14 i Lover for Norges Bondelag vert det kalla inn til årsmøte i Ølve og Hatlestrand Bondelag. Møtet vert halde på Hatlestrand Gamle skule 10. oktober klokka 20.00.

Sakliste:

1. Opning ved leiar

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Val av møteleiar

4. Val av referent og to til å skrive under protokollen

5. Årsmelding

6. Rekneskap

7. Innkomne saker

8. Arbeidsplan for komande arbeidsår

9. Val i samsvar med lovene

a. leiar (for 1 år)

b. to styremedlemer (for 2 år)

c. tre varamedlemer i nummerorden (for 1 år)

d. utsending til årsmøte i fylkesbondelaget (i tillegg til leiar), m/varautsending

e. to revisorar

f. valkomité
10. Fastsette eventuell godtgjersle til tillitsvalde
 

Saker som ein ønskjer handsama under pkt. 7 skal være leiar Kristoffer Nerhus i hende seinast 5 dagar før årsmøtet. E-post: olve-hatlestrand@bondelag12.no

Enkel servering. Vel møtt!

 

STYRET