Til medlemene                                                                                                       Strandvik, 19.oktober 2018

Innkalling til årsmøte

I samsvar med § 14 i Lover for Norges Bondelag vert det kalla inn til årsmøte i Fusa Bondelag. Møtet vert halde på Hålandsdalen Montessoriskule torsdag 01.november kl.20.00.

Innkallinga var annonsert i Os og Fusaposten tirsdag 16.oktober.

Sakliste:

1. Opning ved leiar

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Val av møteleiar

4. Val av referent og to til å skrive under protokollen

5. Årsmelding

6. Rekneskap

7. Innkomne saker

8. Arbeidsplan for komande arbeidsår

9. Val i samsvar med lovene

a. leiar (for 1 år)

b. to styremedlemer (for 2 år)

c. tre varamedlemer i nummerorden (for 1 år)

d. ein utsending til årsmøte i Hordaland Bondelag (i tillegg til leiar), m/varautsending

e. to revisorar

f. valkomité

Saker som ein ønskjer handsama under pkt. 7 skal være leiar, Lars Inge Vik i hende seinast 8 dagar før årsmøtet.

Terje Søviknes kjem. Han er utfordra på å seia noko om kva han og Frp kan gjera for landbruket i den nye Bjørnefjordkommunen,

Me ynskjer og å diskutera på årsmøtet:

-korleis best nå fram med sakene våre i den nye Bjørnefjordkommunen i samarbeid med Os Bondelag.

-fusjon mellom Fusa Bondelag og Samnanger Bondelag.

-fusjon mellom Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag

Os Bondelag er invitert til å vera med oss.

Servering.

Vel møtt!

Årsmelding for Fusa Bondelag.

Arbeidsplan for Fusa Bondelag 2018-2019.