Innkalling til årsmøte

 

I samsvar med § 14 i Lover for Norges Bondelag vert det kalla inn til årsmøte i Eikanger Bondelag. Møtet vert halde på Eknes bedehus, tysdag 5.nov kl. 20:00

Sakliste:

1. Opning ved leiar

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Val av møteleiar

4. Val av referent og to til å skrive under protokollen

5. Årsmelding

6. Rekneskap

7. Innkomne saker

8. Arbeidsplan for komande arbeidsår

9. Val i samsvar med lovene

a. leiar (for 1 år)

b. to styremedlemer (for 2 år)

c. tre varamedlemer i nummerorden (for 1 år)

d. utsending til årsmøte i fylkesbondelaget (i tillegg til leiar), m/varautsending

e. to revisorar

f. valkomité

 

Saker som ein ønskjer handsama under pkt. 7 skal være leiar Olav Myhr i hende seinast 8 dagar før årsmøtet.

Bodhild Fjelltveit frå fylkesbondelaget deltek med orientering om aktuelle saker.

Servering. Vel møtt!

Last ned årsmeldinga

 

STYRET