1. Ramme på 410 millionar kroner

Årets tilbod frå staten har ei ramme på 410 millioner kroner. 170 millionar kroner av dette er budsjettmidlar, mens auka målpriser utgjer 150 millionar kroner. Det gir ein inntektsauke på om lag 8100 kroner per årsverk.

2. Lågare inntektsvekst enn andre grupper

Jordbruksforhandlingane i år skal ende opp i ein jordbruksavtale for 2018. Statens tilbod gir bøndene ei inntektsvekst på 2,25 prosent frå 2017 til 2018. Det utgjer altså om lag 8100 kroner per årsverk. Andre yrkesgrupper får ein berekna inntektsvekst på 3,1 prosent i same tidsrom, noko som utgjer ein dobbelt så stor sum på 16.000 kroner. Dette samsvarar ikkje med Stortinget mål om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper.

3. Frå 18 til 14 mjølkekvoteregionar

I statens tilbod er det foreslått å slå i hop Nord-og Sør-Trøndelag til ein mjølkekvoteregion, Agder-fylka til ein region, Hordaland og Sogn og Fjordane til ein region, og Vestfold og Østfold til ein mjølkekvoteregion.

4. Dette er den foreslåtte auken i målprisar

Forslaga til endringar i målpris er dei same i jordbrukets krav og statens tilbod. Staten foreslår i tillegg å fjerne målprisen på svin.

Mjølk, ku og geit: 3 øre per liter

Gris: 0 øre per kg

Potet: 15 øre per kg (Nettoendring i potetpris er 6 øre på grunn av at tilskot til potetsprit blir avvikla. Det utgjer 9 øre per kg)

Grønnsaker og frukt: 2,2 prosent

Norsk matkorn: 8 øre per kg

5. Endringar i beitetilskotet

Det generelle beitetilskotet på 416 millionar kroner  blir foreslått avvikla. Utmarksbeite blir styrka med 326 millionar kroner, der satsen på storfe blir auka til 1240 kroner og satsen på småfe blir auka til 202 kroner per dyr. Tilskot til innmarksbeite vil skje gjennom arealtilskotet.

6. Auka kraftfôrpris

I statens tilbod er kraftfôrprisen auka med 12 øre per kg.

7. Kulturlandskapstilskotet blir redusert

Kulturlandskapstilskotet til alt areal blir redusert med 15 kroner per dekar.

Arealtilskotet på korn bli auka med 20 kroner per dekar i sone 1 og med 15 kroner per dekar i dei andre sonene.

I tillegg blir arealtilskotet for grovfôr avvikla i sone 1 og redusert med 20 kroner på øvrig area på Austlandet og på flatbygdene i Trøndelag (sone 3-4). I sone 5-7 blir arealtilskotet til grovfôr auka med 15 kroner per dekar.

Det blir ikkje sett tak på arealtilskotet.

8. Endringar for storfe

Driftstilskotet til storfe blir auka med 120 kroner per dyr opp til 39 dyr, og med 4800 kroner for fleire enn 40 dyr. Distriktstilskotet for kjøtt blir auka med 60 øre per kg i sone 2 og 3, og følgande endringer er foreslått på kvalitetstilskotet.

Satsen for O blir redusert med 1,50 kr per kg.

Satsen for O + blir auka med 1,50 kr per kg.

9. Meir til drenering

 

Dreneringstilskotet blir auka frå 1000 kr til 1500  kroner per dekar. Det er ein generell styrking av miljø- og klimaverkemidla.

10. Ikkje vidare finansiering av opplysningskontora

Staten vil avvikle finansieringa av opplysningskontora over omsettingsavgifta.