Verdas bønder vedtok resolusjon om matmakt

  • Tips en venn om denne siden

Generalforsamling i World Farmers Organization. Panel om verdikjede for mat
Bøndene i både EU og USA ynskjer strengare regulering av verdikjeda for mat. F.v. ordstyrar Hildegunn Gjengedal frå Norges Bondelag, Paulo Gouveia frå EU-bøndene, Samir El Taghadouini frå EU-kommisjonen og Dave Velde frå USAs bondelag.

Bøndene treng regulering av matmakta. Det var verdas bønder samde om då dei møttest til generalforsamling sist veke. Antibiotikaresistens sto også på dagsordenen.

-Bøndene mister makt i den lange verdikjeda for mat. Det konstaterer World Farmers` Organisation i ein resolusjon vedteken på generalforsamlinga sist veke i Luxemburg. For å betre tilhøva for bøndene ber organisasjonen om lovregulering:

- Politikarar må analysere uheldig handelspraksis og utvikle reguleringsprosessar som gir bønder moglegheit til å få ei rettferdig og stabil inntekt for produkta sine.

EU har nettopp vedteke ei lov om god handelsskikk, der dei forbyr uheldig handelspraksis som for sein innbetaling, einsidig endring av kontraktar og avbestilling på kort varsel.

- Vi er veldig glade for denne lovgjevinga, som vi har jobba for i årevis, no gjeld det berre at lova blir følgt opp av medlemslanda sa Paulo Gouveia frå bonde- og samvirkeparaplyen COPA-COGECA.  Han deltok i ein paneldebatt om matmakt under generalforsamlinga, der Bondelaget var ordstyrar.

Dave Velde frå National Farmers` Union i USA peika i same debatten på dei store utfordringane amerikanske bønder møter i verdikjeda for mat. Fire kjøtbedrifter dominerer heile den amerikanske marknaden, ingen av dei er samvirke, fleire er eigde av utanlandske selskap. På kyllingsektoren eig dei heilt ned til kyllingen. På mjølkesektoren har daglegvaregiganten Walmart kjøpt opp meieri der dei produserer eigen merkevarer. Bonden sit igjen med lite makt og rekordliten del av overskotet, berre 14,6 cent per dollar etter sist oppteljing. Også bøndene i USA jobbar for betre lovgjeving.

- Vi har lover mot samanslåing av selskap, men styresmaktene har ikkje vist vilje til å følgje opp, sa Velde.

Jobbe mot antibiotikaresistens

Bøndene vedtok også ein resolusjon for redusert bruk av antibiotika. Regjeringar og internasjonale styresmakter blir bedt om å inkludere bøndene i arbeidet.

Norges Bondelag er medlem i World Farmers` Organisation. Organisasjonen har rundt 70 bonde- og samvirkeorganisasjonar frå alle verdsdelar som medlemmer.

Les meir på WFOs heimeside

Relaterte artikler

Illustrasjonsbilde av ostedisk

Gir råd om bedre matmaktbalanse

Publisert 

Norges Bondelag gir regjeringa fem råd til hvordan de kan stimulere til nyetableringer i dagligvarebransjen og øke konkurransen. Samtidig advarer Bondelaget mot å røre importvernet og markedsordningene.

Lars Petter Bartnes

Sterkere maktkonsentrasjon i dagligvarehandelen

Publisert 

En ny rapport fastslår at kjedemakten har økt de siste fem årene. Bondelaget mener det er på tide å redusere kjedemakta i dagligvarehandelen, og imøteser tiltak fra regjeringen.

pris eller kvalitet

Kvalitet eller pris?

Publisert 

Det er strenge krav til norsk matproduksjon, og mat produsert i Noreg held ein gjennomgåande høg kvalitet.

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Til kamp mot «billigmat-modellen»

Publisert 

Med bondelagsleder Lars Petter Bartnes i spissen varsler et samlet representantskap kamp mot regjeringens «billigmat-modell» for landbruket.

Det er flere skuffelser i næringskomiteens behandling av statsbudsjettet, mener bondelagsleder Lars Petter Bartnes.

Mageplask om lov om god handelsskikk

Publisert 

I dag debatterer Stortinget innstillingen fra næringskomiteen om budsjett 2016 for Landbruksdepartementet. Næringskomiteen gir flere skuffende avklaringer; ingen lov om god handelsskikk, og ingen spesifisering av økt dekning av produksjonstap etter MRSA-sanering.

Lars Petter Bartnes

- Et mageplask fra regjeringa

Publisert 

Regjeringa vil ikke gå inn for lov om god handelsskikk, ifølge flere media. Lars Petter Bartnes er skuffa.

Grønnsaker illustrasjonsbilde

For dårleg av Coop

Publisert 

- No må bønder og forbrukarar nytte seg av medlemsdemokratiet i Coop, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge, etter at Coop Norge har sagt opp leveringsavtale med 250 grønnsaksbønder.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
april

Kornkonferansen 2021

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, Oslo
Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere