Matmaktlov vil styrke bonden

  • Tips en venn om denne siden

Phil Hogan, landbrukskommisær i EU, på møte i Copa-Cogeca
Landbrukskommissær Phil Hogan beklaga at han måtte foreslå kutt i landbruksbudsjettet etter 2021 på grunn av Brexit, men er godt nøgd med at EU no kan få ei lov mot uheldig handelspraksis i verdikjeden for mat.

- Eg er stolt over at vi for fyrste gong kan få ei EU-lovgjeving som styrker bonden si rolle i verdikjeden for mat. Det sa landbrukskommissær Phil Hogan i møte med EU-bøndene og –samvirka i Østerrike.

Hogan har lenge jobba for å få ei EU-lovgjeving for å betre forholdet mellom partane i verdikjeden for mat. No ser det ut som han endeleg kan lukkast. I vår la kommissæren fram eit forslag om å forby uheldig handelspraksis som for sein innbetaling, einsidig endring av avtaler og uklare kontrakter. Forslaget er no til handsaming i Rådet og Parlamentet.

- Eg håpar vi kan få eit vedtak før jul, sa Hogan.

Eitt av dei store stridstema er kven som skal dekkast av direktivet. Slik forslaget ligg no, dekker det berre små og mellomstore leverandørar. Dette gjer at mange samvirkeselskap ikkje er dekka.

- Eg ville gjerne at direktivet skulle ha dekka fleire, men vi må passe oss så vi ikkje taper heile lovforslaget, sa Hogan.

Han fekk ikkje med seg resten av kommissærkollegiet, og måtte difor legge fram eit minimumsforslag. Går ikkje forslaget igjennom kan det bli lenge til neste moglegheit. Til våren er det val i EU, og Hogan vil gå av. Ein kan også få eit nytt Parlament som er mindre landbruksvenleg.

Rundt 20 medlemsland har allereie innført ei lovgjeving mot uheldig handelspraksis. Finland får sannsynlegvis ei lov i løpet av året.

 

Bonden del av løysinga på klimautfordringane

Hogan snakka også om miljø og klima i si tale til dei vel 400 deltakarane på Copa-Cogecas toårige konferansen.

- Eg veit mange av dykk blir bekymra når eg nemner miljø, men vi har signert Paris-avtala og berekraftsmåla og vi kan ikkje oversjå forbrukarane sine bekymringar. Jordbruket er ein del av løysinga på klimautfordringane. Bøndene produserer samfunnsgoder innan miljø- og klimaområdet som dei må få betalt for, sa Hogan.

Både miljø, klima og rovdyr sto på dagordenen på kongressen. Rovdyra er på veg tilbake i mange område av EU, og konflikten med beitenæringa  veks.

- Vi har prøvd alle moglege metodar, som t.d gjetarhund og gjerde, men det er dyrt og fungerer ikkje. Turistane forsvinn og dyr og bønder blir stressa, sa den franske sauebonden Michele Boudoin.

EU har ingen felles rovdyrpolitikk. Andre deler av miljø- og ressurspolitikken er derimot tett integrert i EUs felles landbrukspolitikk, CAP, som no er under revisjon. Kommisjonen innrømmer at ikkje alle deler av miljøpolitikken i CAP har vore vellukka. No foreslår Kommisjonen å gå frå å pålegge landa konkrete tiltak til å måle resultat.

WWF deltok også på møtet og kritiserte både inntektsstøtta til bøndene og utsleppa frå sektoren. Nestleiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, fekk ikkje svar på sitt spørsmål om WWF i det heile skjønte fotosyntesen.

I møte med WWFs kritikk gjekk Kommisjonen i forsvar for bøndene:

- Landbruket kan levere på klima. Dei kan til dømes erstatte fossile brennstoff og bruke landareal som opptakskjelde, sa Pierre Bascou frå Kommisjonen. Han peika også på at ein måtte verne om bondens økonomi:

- Vi kan ikkje setje i verk tiltak som går ut over bondens økonomi, sa Bascou.

Bøndene i EU fryktar at landbruksbudsjettet frå 2021 vil bli kutta med 15% (medrekna inflasjon) som følgje av Brexit. Landbrukskommissæren la inn eit kutt i støtta i sitt forslag til ny CAP i vår.

- Eg kunne ikkje levere eit budsjettforslag som ikkje var i balanse, sa Hogan under konferansen.

 

Bøndene må tene på handel

Dei negative effektane av Brexit vart også omtalt av dei britiske bøndene sjølve på konferansen:

- Eg kan ikkje sjå nokon lyspunkt med Brexit. Lyset er bak oss og mørkret framom oss, sa leiaren for det britiske bondelaget (NFU), Minette Batters. – Eg vil sterkt åtvare mot å halde folkeavstemningar. Det splittar folket, sa Batters, som heller ikkje ynskte seg ei ny folkeavstemning, med mindre ein er sikker på at det blir eit solid fleirtal imot Brexit.

EU har toppmøte 17.-18.oktober, då vil ein prøve å ha ferdig ein avtale. Men mest sannsynleg vil det bli eit ekstraordinært møte i november for å få meir tid.

- Det verst tenkelege alternativet er at vi går ut av EU utan ei avtale. Vi ynkjser eit tettast mogleg forhold til EU etter Brexit, sa Batters.

Når det gjeld handelsavtalene EU er i ferd med å inngå, var bøndene på konferansen uroa både for forhandlingane med dei latin-amerikanske landa i Mercosur og med USA.

- Det blir ingen rettferdig handel når vi skal konkurrere med land som har dårlegare standardar enn oss, sa leiaren i det danske bondelaget, Martin Merrild.

Kommisjonen kunne ikkje seie noko konkret om kva som skulle til for at dei signerte ei avtale med Mercosur, men landbrukskommissær Phil Hogan var klar på at bøndene skulle tene på nye avtaler EU inngjekk, og at dei ikkje skal underminere EU-standardar.

-  Det er ikkje vits å inngå handelsavtaler som ikkje bøndene tener på, sa Hogan.

Neste Copa-Cogeca-kongress er i Kroatia om to år.

Relaterte artikler

- Gledelig og på tide

Publisert 

Regjeringen har sendt forslag til Stortinget om lov om god handelsskikk og et uavhengig tilsyn.

Lov om god handelsskikk feires med marsipankake utenfor Stortinget, 28. mai 2018.

Lov om god handelsskikk ute på høring

Publisert 

Regjeringa har sendt et forslag til lov om god handelsskikk ut på høring. – Forslaget er i hovedsak godt, men det er avgjørende at handelstilsynet som skal overse loven blir et uavhengig organ, mener Bondelaget.

EU-flagget

EU samde om lov om god handelsskikk

Publisert 

Dei tre EU-institusjonane vart like før jul samde om å innføre ei lov om god handelsskikk. Dette er ein siger for bøndene og samvirka, som har jobba i fleire år for å oppnå ei slik lovgjeving. Noreg heng etter.

Paolo de Castro, Europaparlamentet

EU eit steg nærare lov om god handelsskikk

Publisert 

EU-parlamentet stemte i dag for ei rask handsaming av forslag til ei EU-vid lov om god handelsskikk. Dermed kan dei klare å få på plass ei lov før EU-valet til våren.

EU-flagget

Skjebnetid for matmaktregulering i EU

Publisert 

- Dette er sjansen vi har til innføre ei EU-lov om uheldig handelspraksis i verdikjeden for mat. Slik konkluderte EU-parlamentarikar Paolo de Castro då han sist veke traff EU-bøndene og samvirka i COPA-COGECA.

Christine Tacon, handelstilsyn i Storbritannia

Handelsombod: - Eg er utruleg billig i drift

Publisert 

Berre fem medarbeidarar, to av dei på deltid, har jobben med å overvake det britiske daglegvaremarknaden. – Eg er utruleg billig i drift, seier ombodskvinna i Storbritannia, Christine Tacon.

Tesco

Britisk lov om god handelsskikk fungerer

Publisert 

Fem år etter oppstart kan det britiske handelsombodet konstatere at leverandørane klagar mindre og daglegvarekjedane opplever at forholdet til leverandørane har betra seg.

Fra venstre: Kårstein Eidem Løvaas (H), Jam-Egil Pettersen (NNN), Geir Pollestad (Sp) og Lars Petter Bartnes, leder i Bondelaget.

Inviterte til kakefest for lov om god handelsskikk

Publisert 

Mandag 28. mai vedtok et samlet storting at det skal innføres en lov om god handelsskikk. I den anledning inviterte Bondelaget sammen med flere andre interesseorganisasjoner til kakefest utenfor Stortinget.

melkekartonger

Innfører lov om god handelsskikk

Publisert 

En enstemmig næringskomite på Stortinget mener regjeringa må legge fram forslag til en lov om god handelsskikk med et uavhengig tilsynsorgan. Loven skal tre i kraft i løpet av 2019. – Gledelig og på høy tid, mener Bondelaget.

Stortinget

Stortingshøring om matmaktlov

Publisert 

- Det er på høy tid å innføre lov om god handelsskikk, sa Norges Bondelag under en åpen høring om matmakt på Stortinget. Arbeiderpartiet har foreslått å innføre matmaktloven som regjeringa la i skuffen for tre år siden.

ost

EU vil innføre lov om god handelsskikk

Publisert 

EU-kommisjonen la denne uka fram forslag om en lov om god handelsskikk som skal gi mer rettferdig konkurranse i dagligvaresektoren og styrke bondens inntektsgrunnlag. – Stortinget bør la seg inspirere, mener Bondelaget.

Illustrasjonsbilde av ostedisk

Gir råd om bedre matmaktbalanse

Publisert 

Norges Bondelag gir regjeringa fem råd til hvordan de kan stimulere til nyetableringer i dagligvarebransjen og øke konkurransen. Samtidig advarer Bondelaget mot å røre importvernet og markedsordningene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere