Vårkampanjen er i gong og me ønsker oss stor aktivitet for å synleggjere den viktig betydninga bonden og det norske landbruket har. På Bondelaget si nettside finn de informasjon om kampanjen Mer enn mat - Norges BondelagDenne sida kjem ein til om ein scanner QR-kode på vaffel-arka lokallaga skal ha motteke.

Slik kan ditt lokallag delta i kampanjen 

For å kome i kontakt med folk, ønsker me at lokallaga gjennomfører ein vaffelaksjon! Me håpar at steikeosen ligg tett på gater og torg i dagane frå 31. mars til 11. april. Alle lokallaga skal ha fått tilsendt ei pakke med vaffelark og plakatar i posten. Om det ikkje er motteken, så gi oss beskjed. I tillegg kan de skrive ut denne flyeren og dele ut: bokmål eller nynorsk. Det er to flyere per ark - skriv ut tosidig og klipp i to!

  • Gjennomføre en vaffelaksjon – Takk for at du støtter bonden
  • Tilby nystekte vafler laget av norske råvarer, servert med brunost eller norsk syltetøy og rømme! Me har også forslag til ulike vaffeloppskrifter
  • Del ut brosjyrer til de som er interessert   
  • Bruk gjerne lokale råvarer og fortell om produksjonen i egen kommune
  • Vis fram og fortell om hva landbruket bidrar med utover mat i din kommune  
  • Inviter allianser og andre organisasjoner til å spise vaffel

 

Fortel om det på sosiale media

Me kan ikkje treffe alle med vaffellukt, difor er det like viktig å få oppslag i lokalaviser og sosiale media. Kontakt lokalavisa og fortel om at de står på stand for å vise at landbruk er meir enn mat. De kan også ta bilete og skrive nokre avsnitt og sende til avisa.

Bruk også sosiale media aktivt: ta bilete av standen, folk som ete vaflar og legg ved gode sitat om kva landbruket bidrar med utover matproduksjon.

 

Litt om bakgrunnen for kampanjen i år

Kvar vår vert alle ledd i organisasjonen oppfordra til å løfte fram verkelegheita av landbruk og verdiskapinga som bønder bidrar med. Denne koordinerte kampanjen er ein viktig del av oppkøyringa til jordbruksforhandlingane. I år ønsker me å bidra til positiv merksemd ved å vise den enorme meirverdien som vert skapt av norsk landbruk kvar einaste dag. Slik vil me få enda fleire til å forstå at landbruket er verdt å satse på!

Målgruppe: Befolkninga, men kan også rettast mot lokale politikarar

Kampanjen skjer i hovudsak i veke 14 og 15, altså 31. mars. - 11. april. Lokallag på stader med stor påskeutfart, må gjerne strekke aktivitetene inn i påska!