Tekst: Janne Aspen - Nationen

Melhus er blant bøndene som får merke at pantegrunnlaget på ein distriktsgard gjer det vanskelegare å skaffe kapital til utbygging.

Han har eit grovfôrgrunnlag mange kan misunne han. Rundt garden har han 1100 dekar dyrka mark, og løyve til å dyrke nesten 300 dekar til. Kyrne kan gå rett frå fjøsdøra og ut i 50 kvadratkilometer utmarksbeite i Melhusdalen.

– Kvoteprisen er låg i Troms. Nedleggingstakta har vore høg. Eg har planlagt fjøs sidan 2011/2012, og har laga fem driftsplanar. For kvar runde har det blitt frigjort meir jord. Vi har vore dårlege til å utnytte ledige areal, og omsette det i mjølkeproduksjon. Årsaka er mangelen på kapital, seier Melhus.

– Eg har ein bra gard. Panteverdien er likevel ikkje høg nok, seier Melhus.

I Nationen i februar slo Landkreditt Bank alarm om at mange potensielt lønsame prosjekt i distrikts-landbruket ikkje blir realisert. Årsaka er at panteverdien på garden er så låg at bankar ikkje tør eller kan gi lån. Noregs største bank på landbrukslån foreslår ei risikolånsordning eller ein statleg garantiordning, i eit innspel til jordbruksmeldinga, for å løyse behovet for kapital.

Fakta 
Melhus gård
•Ligg Bardu kommune i Troms.
•Har i dag 1100 dekar dyrka mark rundt garden, har løyve til nydyrke 188 dekar på eigen eigedom og 95 dekar på leigd jord.
•Lettdyrka steinfri jord.
•«Jordstykka» er store, over to kilometer lange, og 350 dekar samanhengande mark.
•Frå fjøsdøra er det strake veget til 50 kvadratkilometer utmark.
•Produserer i dag 200 tonn mjølk i eit fjøs frå 1974 bygd for 100 tonn.
•Har 25 årskyr og 22 båsplassar. Sel oksekalvane og kjøper opp kvigekalvar som han sel til livdyr. 40 av dyra går ute.
•Har kvote på 470 tonn.
•Samarbeider om utstyr.

Han overtok garden i 2003, og har lenge førebudd nybygg.

– Eg veit at eg må bygge i mi tid. I dag produserer eg 200 tonn mjølk i eit fjøs frå 1974, bygd for 100 tonn.

Dei 25 årskyrne deler på dagens 22 båsplassar. Han sel oksekalvane, og kjøper kvigekalvar som han fôrar opp og sel som livdyr. Rundt 40 av i alt 80 dyr går ute heile året. Han har kjøpt seg opp til ei kvote på 470 tonn.

Melhus vil byggje for 600 tonn mjølk og 45 tonn kjøt. Nyfjøset vil totalt koste rundt 18 millionar kroner. Med pengar til meir kvotekjøp, fleire livdyr og utstyr til gjødselspreiing, kjem han opp i 21 millionar kroner i kapitalbehov.

– Det hadde ikkje vore lettare å satse litt forsiktigare, å stoppe på 500 tonn, for eksempel?

– For meg personleg, ja. Men kva med det langsiktige? Eg kjenner ingen som seier at dei har bygd for stort fjøs. Når ressursgrunnlaget er der, og ein først skal leggje ned arbeidet, så kvifor ikkje. Det handlar også om å nytte ut ein mjølkerobot og fylle kvotane i Troms.

Melhus viser også til at utbygginga vil gje arbeidsplassar på garden.

– Eg har lyst å ha kollegaer i kvardagen

Utfordringa

«Om det ikkje er interesse for at det skal produserast mjølk og kjøt der ressursane er, kvar skal det då gjerast?»

Ole Petter Melhus, gardbrukar i Bardu i Troms

På overtid

Det er ikkje aktuelt å halde fram som han no gjer.

– Det er belastande for meg som bedriftseigar å halde høg produksjon og god produksjonskontroll med elitemjølk og høg avdrått i alle år. For ein periode kan det gå, iallfall når ein har ønske om å utvide drifta med nybygg. Men det vil ikkje gå i lengda.

Les også:  Norske bønder investerer mer i bygninger – mindre i maskiner

– Eg er klar over at prosjektet mitt er over gjennomsnittet stort. Men det må vere lov med jordbruk i alle hastigheiter. I eit samvirke vil dei små kunne nyte godt av at enkelte bønder er store. Vi har liten grunn til å krangle internt her i fylket så lenge prisen på våre produkt er lik, det er ledig kvote til leige, og underdekning på storfekjøtt.

På kapitaljakt

Han seier han har fått avslag på lån hos to bankar, deriblant Landkreditt Bank.

Landkreditt stadfestar at dei har vore i dialog med kunden, men at banken ikkje har nokre kommentarar utover dette.

– Vi kommenterer ikkje kundespesifikke detaljar, seier kommunikasjonsrådgivar Even Gaarde-Landre.

Melhus har ikkje gitt seg.

– Eg tok kontakt med Sparebanken Narvik, som eg veit har vore involvert i ein del landbruksfinansiering. Dei stilte med to rådgivarar, for å lære, som dei sjølve sa. Det er ei verkeleg god innstilling, meiner eg, og eg har fått positive signal, men førebels ikkje noko tilbod.

Saman med Sparebanken Narvik var også Innovasjon Norge på besøk.

– Det var ein veldig konstruktiv dialog dei imellom. Eg måtte svare for meg og vise til betalingsevne og -vilje. Men det gjeld jo for alle næringar og alle storleikar.

– Kva gjer du om du får nei?

– Eg held ikkje fram som i dag, med å produsere 200 tonn og ha 40 dyr gåande ute. Får eg nei, kjem eg til å ha ein landbruksproduksjon på sparebluss, og så får eg ut og finne kollegaer andre stader.