Landbruket og planteproduksjon i Sør-Noreg har no opplevd den verste tørkesumaren på over 70 år. Vi som  bønder har bruka all vår ledige kapital på såfrø, planter, gjødsel og andre innsatsfaktorar som skal gje avling og klingande mynt i kassa nå i haust. Vi opplever at nærast  alt har turka vekk, og at ein knapt får avling på halvdelen av det normale.

Vi som bønder skal også betjene Norges største fastlandsindustri (næringsmiddelindustrien) med råvarer, slik at vi klarer å levere mat til landets befolkning.

I år ser dette heller mørkt ut. 

Eg fryktar at mange kjem inn i eit økonomisk uføre som det kan ta lang tid å kome ut av, og som vil få store ringverknader i lang tid framover.

Skuffelsen over ei regjering og ein statsminister som ikkje vil ta dette på skikkeleg alvor er stor. Krisepakker har vore nytta i "uår" tidlegare i andre næringar, (bankkrisa, oljekrisa).

Det å stille opp med økonomisk bistand no til alle turkeramma bønder ville vore ei god investering i framtidas matproduksjon. 

 

Aslak Snarteland
Leiar, Telemark Bondelag