Mange ulike aktivietar; riding, natursti, spikking, fuglekassesnekring, toving, hesteskokasting, sekkeløp og sliping av knivar. Her må publikum gjerne ta med sløve kjøkkenknivar og få slipa dei opp. Bygdekvinnelaget har informasjonstand med smaksprøver på grønsaker, frukt og bær nå om hausten. Det blir også sal av gardsprodukt frå Bø og Sauherad. Hjartdal bygdemølle stiller med sal av byggmjøl og byggryn. Bygdetunlaget har open salsbu og loddsalg.

Ute i tunet kan ein sjå utviklinga i landbruket frå hestevandring, der ekte hestekrefter driv treskeverket på låven, til ein original Gråtass som det er lov å sitte på, til ein av dei nyaste traktorane frå Felleskjøpet. Leiketraktorar både av merket John Deer og Gråtass. Jon Åse vil demonstrere tresking av havre med Hestevandringa frå Åse fleire gonger gjennom dagen.

Telemark botaniske forrening deltek og visar montering av ljå, bryning og sliping før demonstrasjon av ljåslått. Publikum kan også få prøve dei handlaga ljåane på Evju Bygdetun frå Arvesølvprosjektet.

Matsal frå Eldhuset med brød frå steinovnen til årets grønsaksuppe, som alle kan tåle utan gluten eller laktose. Evjus lappar blir steikt på takke ute med heimelaga syltetøy av bær frå garden og skogen.

Sauherad er ein syngande kommune som ein av 13 utvalde kommunar i det landsdekkande prosjektet «Krafttak for sang». Sangen har alltid hørt med i arbeid og fest i gardskulturen og dette vil me føre vidare på Open gard. Vi får besøk av to forsangarar frå Norsk Viseforum, Dag Hoftun Knutsen og Oddlaug Askerød som vil dra i gang folk i sang ute i tunet midt i alle aktivitetane. Dagen blir avslutta med allsang for alle aldersgrupper og musikksmakar, med tekstar på veggen inne i Fjoset.