Mykje folk på Open gard

Av Bergit Li,
  • Tips en venn om denne siden

I helga blei det gjennomført 5 open gard arrangement i Telemark i eit flott sommarver. Arrangørane melder om vellykka arrangement med mange aktivitetar og godt matsal. I helga var det Open gard på Gvarv, Notodden, Skien, Drangedal og Sannidal. Førre helga hadde Bamble sitt arrangement, og totalt har desse arrangementa hatt om lag 3500 små og store på besøk.

Maraton rundt fjøset 31. mai

Søndag 31. mai blir fleire ulike løp rundt Teleros fellesfjøs i Hjartdal; både barneløp, 5 km, halvmaraton og helmaraton. – Det blir løp for alle. Barna vil løpe i grupper, hvor antall runder tilsvarer alder. Deretter vil det bli 5 km, og til slutt altså hel- og halvmaraton, forteller mosjonisten Dag Olav Tho.

Jordbruksoppgjøret 2015

Jordbruksforhandlingane 2015

Lokale bondelag, fylkeslag og Norges Bondelag har i lengre tid arbeidd med kravet i samband med årets jordbruksforhandlingar. Pr nå er framdriftsplanen slik: fredag 24. april blir jordbrukets krav overlevert staten. "Jordbrukets krav" er eit fellesdokument frå bondelaget og småbrukarlaget. Statens tilbod skal koma tysdag 5. mai og fredag 15. mai skal jordbruksforhandlingane vere avslutta.

Uttale årsmøte Telemark Bondelag: Viktig nedgang i rovdyrtap

Det har vært en betydelig nedgang i søknader om erstatning for skade av rovvilt i 2014. Dette har nok sammenheng med forholdsvis stor jaktkvote på gaupe, og stort uttak av gaupe i rovviltregion(Aust – Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold) i februar og mars for ett år siden. Ulv har heller ikke vært konstatert som skadegjører i 2014. Flest søknader om erstatning for rovdyrtap kom inn fra kommuner med mye sauehold, som Tokke og Seljord

Aslak Snarteland

Ny leiar i Telemark Bondelag

På årsmøtet i Telemark Bondelag 14. mars blei Aslak Snarteland frå Fyresdal einstemmig valt til ny leiar. Som nytt styremedlem blei valt Knut Haugland frå Bø. Ann Kristin Teksle frå Ulefoss blei attvalt både som styremedlem og nestleiar. Styremedlemmene Morten Rogn, Bamble og Gunleik Mæland, Flatdal var ikkje på val i år. 1. varamedlem møter fast på styremøta og Per Arne Hoppestad frå Skien blei valt til 1. vara.

Hanne Eldby

Ope møte: Matproduksjon, korndyrking og klima

Telemark Bondelag invterar til ope møte på Bø Hotell i Bø fredag 13. mars. Møtet startar kl.17.30. Tema for møtet er ”Matproduksjon, korndyrking og klima”. Innleiing ved Hanne Eldby frå Agri analyse. Spørsmål / debatt etter foredraget. Velkommen!

Årsmøte Telemark Bondelag

Telemark Bondelag skal ha årsmøte på Bø Hotell i Bø fredag 13. og laurdag 14. mars. Temamøte om Matproduksjon, korndyrking og klima fredag kveld og ordinært årsmøte laurdag. Kjell A. Sølverød frå Siljan har vore leiar i fylkeslaget i seks år og har nå takka nei til attval. Aslak Snarteland frå Fyresdal er innstilt som ny leiar.

Landbrukshelga er vel gjennomført!

Landbrukshelga blei gjennomført 24. og 25. januar i Langesund. Landbrukshelga var eit samarbeid mellom Studieforbundet Næring og samfunn i Vestfold og Vestfold og Telemark Bondelag.

Aslak Snarteland

Aslak Snarteland innstilt som ny leiar i Telemark Bondelag

Valnemnda i Telemark Bondelag har innstilt mjølkebonde Aslak Snarteland frå Fyresdal til ny leiar i Telemark Bondelag. I tillegg til mjølk har Aslak storfe og sau. Kjell Sølverød frå Siljan gir seg etter seks år som fylkesleiar. Mathias Kleppen frå Sauland har også takka nei til attval som styremedlem. Knut Haugland frå Bø er innstilt til nytt styremedlem. Telemark Bondelag skal ha årsmøte på Bø Hotell 13. og 14. mars.

Balansert og jordnært bondekrav

Nå har politikerne mulighet til å vise vilje til å oppfylle sine egne ambisjoner om økt matproduksjon. Jordbrukets krav er i år på 1,97 milliarder kroner.

Våre samarbeidspartnere