Kurs i dyretransport
Telemark Bondelag v/Bygdevis arrangerar kurs i dyretransport torsdag 2. juni kl 09 -17. Kurset er på Landbrukets hus, Gvarv. Kurset er grunnlag for tildeling av kompetansebevis for dyretransport som alle må ha om ein transporterer eigne og andre sine dyr over 50 km. Kompetansebeviset er også eit krav for dei som transporterer andre sine dyr under 50 km. Transport til og frå beite er unntatt.
Før kursdagen må deltakarane ha gjennomgått eit nettbasert forkurs som tek 1-4 timar.
Kurslærar er Inge Midtveit, spesialveterinær Animalia.
Påmelding innan 18. mai til Telemark Bondelag, e-post telemark@bondelaget.no.