Norsk landbruks styrker og muligheter, klima, tørkesommeren, markedsbalanse og regionprosess var blant de sentrale temaene i Snarteland sin tale på årsmøtet i Telemark Bondelag 23. mars 2019.

Nedenfor følger utdrag fra talen - hele teksten til årsmøtetalen lastes opp her:

"Vi har lagt bak oss 2018 som vart eit krevjande år, med tørke, lite avling og dystre utsikter. Vinteren går mot slutten og vi har fått merke året i fjor. Samstundes må vi og prise oss lykkelege for at vi i Noreg har nokre sikkerhetsnett som fanger opp vanskelege situasjonar, (eg nemner høve for krisepakka, avlingskadeordning osv.). Dette er ordningar vi skal være svært glade for. Likevel slår det uheldig ut for nokon, det må vi justere.

Eg blir ganske provosert når vår eigen Statsminister seier at norske bønder må sjå seg om etter alternative inntekstkjelder for å bli meir robuste. Er det ikkje mangfoldet og mangesysleriet landbruket har stått for i alle år, relativt små einingar med fleire produksjonar, kombinasjon jord, skog, utmark, handverk og service næring osv.
I dei seiste åra har vi laga litt større einingar med spesialisera produksjonar og bønder som har investert i 10-15 millionarsklassa. Mange av desse har fått eit arbeidspress som er heilt umenneskeleg, likevel slit dei med inntjeninga. Då er det ikkje greit å få melding om at vi må sjå på tilleggsnæring for å bli meir robuste.

Klimaspørsmålet har vore og er den store «snakkisen» for tida. Landbruket har skissera 31 ulike forslag til ei forbetring frå vår side. Vi sit med mange løysingar på store klimatiske utfordringar. Vi forvaltar store eigedomar med jord, skog og utmark. Vi veit at skogen vår bind mykje CO2, og at eit aktivt skogbruk bidreg til ytterlegare binding. Vi veit at beiting og slått av grasressursar er bra, fordi vi kan bruke graset til fôr som igjen lagar menneskemat. Avtrykket blir då like stort, om enn vi lot graset rotne på rot, bare at vi får ein gevinst som produkta mjølk og kjøt.

Vi veit at landbruket er omstillingsdyktige og kan produsere meir plantemateriale som direkte kan nyttas til menneskemat.

Vi veit at ein bortskjemt norsk forbrukar ikkje vil ha 70-80% av kornet vi produserer, fordi kvaliteten er for dårleg. Er det ikkje då flott at vi kan bruke denne råvaren til å produsere kjøtt.

Er det då ikkje litt flaut at nokre har så lite kunnskap og får så stor spalteplass at kjøt på menyen blir fy, slakting (eller «dreping» av dyr) er uetisk, og at vi tilegnar dyra våre mennesklege verdiar.

Er det ikkje flott at Noreg som bare har 3% dyrka mark, har ein politikk som gjer at vi kan dyrke mat over heile landet.

Alle snakkar vi om ei framtid med knapphet på mat i verden, er det ikkje då viktig at vi «nord på berget» klarer å produsere det vi har høve til.

Kanskje det er på tide med ei skikkeleg reforhandling av internasjonale handelsavtaler på landbruksvarer. Der vi kan bruke «klimakortet» til ei forhandling om produksjon av det vi verkeleg kan klare i kvart land til eigen befolkning, så kan vi heller eksportere eit overskot og importere underskot.

Dette er faktisk kanaliseringspolitikk på verdensbasis.

Landbruket er inne i ei tøff tid, men vi må bli flinkare til å fortelje kva for føremuner vi egentleg har, vi sit faktisk med løysinga på mange klimatiske utfordringar.

Vi må bli flinkare til å velge rett produksjon på rett plass, dvs. ein endå tydlegare kanaliseringspolitikk.
Sjølvsagt skal vi ta vårt ansvar for bruk av fossilt drivstoff, rett bruk av gjødsel, fangvekster i einsidig planteproduksjon, metanutslepp frå storfe, plastbruk, drenering, tørkeutfordringar, osv. Men gje oss verktøy, gje oss rammer og høve.

Landbruket vert pressa frå mange kantar, og no med snart 6 år med blå-blå regjering, har vi fått tøygd strikken langt.
Eigedomspolitikk og konsesjonlovverk har fått køyrd seg i denne tida, vi har fått ei ytterlegare liberalisering på lovverket.
Takka være ein sterk opposisjon har mange forslag blitt nedstemt, og no med ny landbruksminister frå Krf, har fru Bollestad lova at det ikkje skal bli ytterlegare liberalisering. Samstundes blir eg noko forundra og faktisk skuffa når enkeltrepresentantar i Senterpartiet, som har vore så sterke motstandarar av nettopp denne liberalisering, går for det eine unntaket etter det andre, på etter min oppfatning svært spinkelt grunnlag. Her burde alle være svært prinsippfaste, ellers utholar ein gjeldande lovverk.

Marknaden for norske landbruksvarer er inne i tøffe tider. Regjeringa innrømmer stadig nye varer for tollfri import og det pressar den norske råvareproduksjonen kraftig. Vi er inne i ei tid med overproduksjon i mange produksjonar, trass i at vi har verdens beste dyre og plantevelferd, minimal medisin bruk osv. All honnør til «Matmerk som lanserer nye NYT NORGE kampanjer i TV, spesielt med tanke på våre fortrinn i Noreg. Det var jammen på tide.

Det å kunne tilpasse produksjon etter marknad er krevjande når vi har fått plukka vekk ulike verktøy for å gjennomføre det. Stor honnør for at vi ser ut til å få til produksjonregulering på gris no, og her må vi i Telemark slå oss litt på brystet for at vi har vore pådrivar. Mange andre produksjonar slit med det same, og håpet er at landbruksminister Bollestad skjønar at reguleringsverktøy er viktig for at bonden tjener pengar og forbrukaren får mat.
Telemark Bondelag arbeider no med ei sak til årsmøtet i Norges Bondelag, gjeldane kvotesystemet for mjølk. Her har vi ei klar målsetjing om at mjølkekvoter på sikt skal omsetjas gjennom staten, og at leige forhold skal opphøyre.

Telemark har endå meir og gå på hvis vi vil og får høve til det.
Vårt frukt og bærmiljø satsar vidare mot nye høgder, der målet er at kvart tredje norskprodusert eple skal kome frå Telemark. Fruktlageret bygger nye lagerlokale får å kunne tilby fersk frukt i ein lengre sesong.
Vi har framleis ein del dyrka mark som godt kunne vore i betre hevd, og gjeve ei større avkastning. Dette blir framtida når vi klarer å forsterke arbeidsdelinga endå meir, og får rett produksjon på rett areal. Men desse areala må ikkje få bli utmark att, driveplikta må handhevas svært strengt. Dessutan må vi få eindå tydlegare verkemiddel som inkluderer dei marginale skiftene.

Telemark og Vestfold skal bli eitt fylke ganske snart. Bondelaga i begge fylker har hatt ulike former for samhandling det seiste året. Det er etter mitt syn stor forståing frå begge fylker, for ulike driftsmessige forutsetningar, avstander, klimasoner og ulik kultur. Vi har samhandla bra dei gongene vi møttes, laga felles uttaler politisk, felles møter med politiske fylkesparti, fått til eit omforent felles næringsprogram for det nye fylket, felles RMP osv.

I dag skal Telemark Bondelag ta stilling til kvar vegen vidare skal gå, om vi skal bli eit felles fylkebondelag eller om Telemark ynskjer å stå åleine. Fleirtalet i styret i TB har innstillt at Telemark framleis skal stå åleine. Personleg meiner eg vi vil stå sterkare med eit felles lag på sikt.

Du som lokallagsleiar, utsending til årsmøtet og alle de som er medlemmer av bondelaget, er den viktigaste brikka i heile organisasjonen. For at vi som tillitsvalde skal gjere ein best mogleg jobb, for bønder og einskildmedlemmer, er vi avhengig av det engasjmentet og arbeidet de gjer til dagleg. For meg er det avgjerande at du som bonde og matprodusent føler at eg som tillitsvalgt og dei eg har med meg, gjer ein best mogleg jobb for deg. Det er du og eg som skal produsere mat for landets befolkning. Som næringsutøvar er det då viktig at du føler vi arbeider til det beste for dine vilkår.

Til slutt må eg atter ein gong takke alle tillitsvalde, leiarar, fylkestyret, administrasjon, for at vi dreg så godt i lag.

Framleis er god, trygg og rein mat viktig for framtida vår.

Takk for meg."