Vi har i dag fått ny landbruksminister i Norge, som leiar i Telemark Bondelag vil eg gratulere Bård Hoksrud med vervet.

Landbruket er for tida inne i ei svært krevjande tid, då vi er i ferd med å legge bak oss ein vekssesong der store delar av sør Norge har lidd av ekstrem tørke. Avgått statsråd Jon Georg Dale leverte ei avtale om krisepakke for landbruket i går saman med NB og NBS. Store delar av denne krisepakka er god, bortsett frå at kornproduksjon ikkje har fått nevneverdig ekstrahjelp utanom dei fastlagte satsane for avlingskade og dobling av taket for maks utbetaling.

Eg har store forventningar til at Bård Hoksrud  fylgjer opp dei politiske føringar som ligg i gjeldande  jordbruksmelding, at han lyttar til faglaga i landbruket, og at han ser nødvendigheten av eit landbruk over heile landet fordelt på små og store bruk. Vi skal nytte ressursane der dei ligg på best mogleg måte, for å produsere god, rein og trygg mat for landets befolkning.

Eg har og store forventningar til at den nye statsråden tar lærdom av den situasjonene vi har hatt i sumar, med ekstrem tørke, og hausten i fjor med alt for mykje nedbør.

Vi må nå rigge oss for ei framtid med noko meir uforutsigbare værtilhøve over store delar av jordkloden. Her må landet vårt ta ein mykje tydlegare posisjon for å trygge eigen matproduksjon, halde all dyrka mark i god hevd, auke sjølvforsyninga, framleis vært best  på dyrehelse, plantehelse og låg medisinbruk. Rett og slett ta i bruk dei fordelar Norge har med kald vinter, spreidde gardsbruk og relativt små driftseiningar.

 Med håp om eit konstruktivt samarbeid med statsråd Hoksrud!

 Aslak Snarteland , leiar Telemark Bondelag