-Jordbruket sine forhandlarar har gjort ein god og solid jobb, sier Snarteland. - Dei har klart å forhandle fram eit innhald i avtala som samsvarar godt med dei prioriteringar vi hadde i kravet på førehand.

For Telemark sin del er viktige satsingar kome på plass, som eit særskilt tilskot til små og mellomstore mjølkebruk, styrking av velfersdordningane, eige tilskot for drift i vanskeleg og bratt lende, satsing på dei produksjonane som det er store marknadsmoglegheiter i (frukt, bær, grønt og korn).
Det vert også gjort viktige grep for å handsame overproduksjon på særskilt sau og svin, men også mjølk. Eit nasjonalt støylstilskot vert også innført med kr 50 000.

Alt i alt er dette ei akseptabel avtale sier Snarteland, med tanke på at vi forhandlar med ei regjering som vil ein heilt anna veg med landbruket i Norge. Men vegen til inntektutjamning er framleis lang, vi må arbeide hardt og målretta for å nå fram til å tette gapet til andre grupper. Dette vil vi i landbruket, og Stortinget har vedteke det. Det er og gledeleg at NBS og NB stod samla heilt inn i ei underskriven avtale.