Valnemnda innstiller på attval av Ann Kristin Teksle frå Ulefoss, og ho er også foreslått som nestleiar for ein ny periode.

Styremedlemmene Morten Rogn frå Bamble og Gunleik Mæland frå Flatdal er ikkje på val i år.

Som vararepresentantar er følgjande innstilt: Per Arne Hoppestad, Skien, Hege Gonsholt, Rauland, Olav Våle, Hjartdal.

Aslak Snarteland har lang erfaring som tillitsvalt i ulike organisasjonar: Ordførar Norsk Sau og Geit 2009-2013. Styremedlem Fyresdal Bondelag frå 2009. Styreleiar Dyrsku’n arr frå 2013. Kasserer Landslaget for Telemarkfe 2006-2013. Leiar i Norsk Bufe (samleorg. alle gamle norske storferasar) 2012. Tine SA, regionstyremedlem Sør  perioden 2012 til april 2015. Varaordførar Fyresdal kommune 1999-2003.

Leiar i valnemnda er Erik Hesby Håtveit, tlf 913 98 702.