Fylkesleiarane møtest tysdag den 21. mars til fylkesleiarsamling før det viktige Representantskapsmøtet tek til den 22. mars og held fram den 23. mars. - Eg tar med meg eit offensivt høyringsinnspel frå Telemark og håpar det er fleire fylkeslag som er offensive i sine krav, slik at jobben med å tette inntektsgapet no kan skyte fart, held Flatland fram.

Vi som bønder treng auke på mange områder, lønnsmogelegheiter, mogelegheit til å kunne ha litt ferie og fritid, ei betre sjukeløns- og avløysarordning og ei vissheit om ei tryggare framtid i yrket vårt når det gjeld både inntekt og produksjon.

Ho seier videre at det er ein spent, men klar nyvald fylkesleiar som reiser på sine aller fyrste oppdrag i dag, onsdag og torsdag.

-I dag er det fylkesleiarsamling, eg gler meg til å møte dei andre fylkeslagsleierane og bli kjent med dei. Når det gjeld representantskapsmøte, er det meir spenning knytt til det for min del. Her skal vi gje forhandlingsutvalet til Norges Bondelag ei prioriteringsliste og krav for jordbruksforhandlingane.

Høyr også eit radiointervju av Trude frå morgonsendinga til NRK Telemark i dag. Der er ho tydeleg på at økt inntekt i tillegg til gode velferdsordningar er det viktigaste for å sikre rekruttering til landbruket.

Her kan du lese meir om prioriteringane til Telemark Bondelag inn mot jordbruksforhandlingane 2023.