Her kan du lese hele innlegget:

Juice basert på norsk frukt kjem uheldig ut med avgiftene og blir dyrare i utsal enn dei treng å vere!

For her i landet har vi avgift på emballasje. Det er nok er ein fornuftig ordning. Men den slår feil når nokre produkt har fritak og andre ikkje.

Når vi på garden tappar eplemost må vi betale 1 krone og 38 øre i grunnavgift på flaska eller kartongen. Om ein reknar vanleg avanse, tredoblar dette seg til vel 4 kroner før flaska er i butikken eller på restauranten. Dette vil slå uheldig ut mot produkt med vatn som råvare – slik som brus - eller importerte varer.

Morsmjølkprodukt og drikkemjølk har fritak frå grunnavgifta. Det er kanskje naturleg. Men når «drikkevarer framstilt av kakao og sjokolade og konsentrat av dette» er fritatt, så blir det veldig merkeleg.

Grunnavgift på eingongsemballasje for drikkevarer blei innført i 1994. Grunnen var eit ynskje om å favorisere gjenbruksemballasje framfor eingongsemballasje av miljøpolitiske omsyn.

Kommunane i Midt-Telemark har forsøkt seg før og sende saka inn til Finansdepartementet på vegne av fruktnæringa i regionen i 2022.

Departementet  opplyste då at bakgrunnen for dei eksisterande fritaka var at dei blei dei same som i den tidlegare drikkevareavgifta frå før 1994. Sjokolademjølk blei derfor også fritatt for grunnavgift i den nye ordninga.

Det er ikkje god nok grunn for ei urettferdig ordning at det var slik for 30 år sidan.

Vidare var svaret frå Finansdepartementet at «Forslagene blir vurdert i den ordinære budsjettprosessen.» På to år har ingenting skjedd og det er no på tide at fritaka blir endra på.

Fruktnæringa meiner at reine drikkevarer av frukt utan tilsett sukker bør ha fritak frå grunnavgift. Dette er sunne produkt som ikkje bør belastast med avgift som ikkje sjokolademjølk med sukker har.