I delar av landet har me ikkje naturgjevne forutsetnader for å produsere noko anna enn gras og bruke beiter.

Mjølkeproduksjon og dei andre grovforbasera produksjonane brukar ressursar me ikkje kan bruke direkte til menneskemat. Gras og beite blir i sau, geit og storfe/ku danna om til kjøt og mjølk!

Dette er dei største produksjonane me har i landet vårt og det viktigaste me kan halde fram med om me skal auke sjølvforsyninga av mat her til lands .

Me har eit 24 år gamalt lausdrifts tallefjos til ammekyr og oksar.

Det burde ha vore gjort noko med for å gjera arbeidsdagen vår enklare og meir effektiv samtidig som forholda for dyra våre kunne vore endå bedre.

I 2019 hadde me teikningar klare, finansiering og planer for oppstart av ombygging og påbygg.

Hell i uhell, så kom me ikkje i gang når me hadde planlagt. Så kom covid, ein massiv prisauke og no sist ei renteauke som hadde vore endå hardare om me hadde gjennomført bygging når me hadde tenkt. Slik sett er me glade for at det ikkje blei bygging likevel.

Fjoset er likt i dag som i 2019, og det er ikkje gjort store endringar sidan det vart bygd på 2000.

Skal me tørre å satse?

Skal me seta oss i gjeld for å kunne halde fram i yrket som bøndar?

Dette er spørsmål me og mange andre husdyrprodusentar stiller seg for tida.

Skal ein satse, seta seg i gjeld og satse vidare på eit liv som bonde, då treng me ein sikkerhet om at regjering og storting vil prioritere norsk matproduksjon og bedredskap både no og i eit lengre perspektiv.

Å vera bonde og politiker er slik sett kanskje ikkje så ulikt. Me står stadig framfor viktige val som har betydning for så mange fleir enn oss sjølve og for så langt fram i tid.

Det er heile tida val me gjer som bønder, prioriteringar -kva er viktigast akkurat no og kva kan vente. Kva MÅ me? Kva BØR me? Kva KAN me?

Eg håpar at mine venner og kjente, både heilt «vanlege» forbrukerar men også politikarar tenker at no MÅ landet satse på landbruk, no MÅ bonden bli prioritera, no MÅ me sikre matproduksjon og bedredskap. Dette MÅ skje no og KAN IKKJE vente. 

Kjære politikarar - norske bønder og Telemarksbonden treng at de prioriterer oss!

.