Gode kollegaer og bondevener!

Vi skriv snart historie for året 2022.

Eit svært innhaldsrikt år er snart over. Eg nemner: Krig i Ukraina og svært uroleg marknad, Noreg opnar opp att etter koronastenging, tidenes kostnadshopp , tidenes jordbruksoppgjer med rekordstort framforhandla resultat, «Grytten-utvalets» framlagte rapport over inntektsmåling i jordbruket og mykje meir.

For ikkje å gløyme eit vekstår i jordbruket med svært gode avlingar på korn og grønsaker, men noko meir variera i fylket for gras og beite.

Eg føler meg stolt som kan være leiar for Telemark Bondelag att ved årskiftet 2022/2023.

Det fyrste Vi nå skal ta tak i på nyåret  er studiearbeidet og innspel til vårens jordbruksforhandlingar, vi er nå svært utolmodige med å få på plass ein forpliktande opptrappingsplan  for jamstilling av jordbruksinntekt opp mot andre grupper i samfunnet.

Regjering og Stortinget har vedteke at dette skal skje og no krev vi handling. Høyringa på nemnde «Grytten-rapport», legg styret i Noregs Bondelag seiste hand på verket i neste månad og sender den vidare til Regjeringa og Stortinget i midten av januar 2023. Den vidare handsaminga kan nok ta lenger tid enn vi likar, og vi må nok rekne med å bruke eksisterande talmateriale til dei komande jordbruksforhandlingar neste år. Landbruksminister Sandra Borch har vore tydeleg på at dette ikkje er til hinder for å vidare gjere jobben med å tette inntektsgapet i jordbruket. Her må vi berre gje gass framover og syte for hopp mot ei inntekt på linje med andre grupper.

Eg vil få takke for eit stort engasjement hjå dykk alle i organisasjonen Telemark Bondelag, - einskildmedlemmer, lokallag, fylkesstyret og tilsette, - saman er vi gode!

Vi har også i år levert verdas beste mat. Regjeringa har levert tidenes jordbruksoppgjer, men det er langt att til jamstilling på inntekt. Vi må og i året som ligg føre oss brette opp ermane og jobbe for enda betre rammevilkår for næringa!

Beste helsing og godt nytt år
Aslak Snarteland