Mykje folk på Open gard
I helga blei det gjennomført 5 open gard arrangement i Telemark i eit flott sommarver. Arrangørane melder om vellykka arrangement med mange aktivitetar og godt matsal. I helga var det Open gard på Gvarv, Notodden, Skien, Drangedal og Sannidal. Førre helga hadde Bamble sitt arrangement, og totalt har desse arrangementa hatt om lag 3500 små og store på besøk.