Julehilsen

Leder i Telemark Bondelag ønsker på vegne av styret, alle i hus og fjøs en fredelig juletid.
Me er alt godt inne i jolehøgtida. Ei tid med tradisjonar, litt latare dagar og litt meir mat.
For oss husdyrbøndar er arbeidsdagane forholdsvis like, også i joli. Dyra våre må ha tilsyn og fôr, som alle andre dagar.
På ein måte er det endå litt koslegare å stelle fjoset i jola, det er ei tid der, iallefall eg føler på at, maten blir meir verdsett enn til vanleg.
Dei aller fleste brukar norske råvarer når familie og venner skal samlast til hyggelege og festlege lag i høgtida me er inne i.
Det gjev ekstra glede og motivasjon til å stelle godt for dyra. At heile det norske folk samlast til dei mest tradisjonsrike måltida- gjer meg som bonde stolt over yrket mitt.
Styret i Telemark bondelag hadde sitt siste styremøte for året i starten av desember, på landbruksskulen i fylket vårt. Me behandla saker som normalt og fekk ein nydeleg lunsj frå kantina.
Ei fin avslutning på eit hektisk bondelagsår.
«Utallige» høyringar gjennom heile året, «gjødselforskrift», motorferdsel, regionale miljøkrav, dyrevelferdsmelding m fl., mykje politisk jobbing mot landbruksmelding og tallgrunnlag i vår, og vidare mot partiprogram i haust- bare for å nemne noko.
Når me er i gang att i 2025 er det rett på forberedelser ute i lokallaga til innspill til komande jordbruksoppgjer!
Styret i Telemark bondelag kjem til å halde fram med jobben for å betre vilkåra for Telemarks bonden. Me meiner me som matprodusentar er ein viktig del av løysinga når det gjeld klima, me er uunnværlige i beredskapsammenheng og me er klare for å produsere meir mat til landet vårt.
Håpar alle har ei fredfull og god jol.
Og at de heiar fram alle norske bøndar i tida framover!