Representantskapet til Norges Bondelag er starten på 3 viktige dager på Lillehammer. I morgen starter årsmøtet. Møtet er lukket, men vi kan si såpass mye at Bjørn Gimming, leder i Norges Bondelag startet det hele med en grundig og god analyse av bondelagsarbeidet i vinter og vår.

Hver fylkesleder får også et innlegg hver. I sitt innlegg fokuserte leder i Telemark Bondlelag, Trude Flatland  på at vi har bruk for alle bønder og alle produksjoner.  Her kan du lese hele innlegget:

Når eg høyrer Bjørn orientere om vårens arbeid og arbeidet framover, blir eg imponert og stolt over å vera ein del av dette solide laget.

Sjølv om det har vore ein travel vår der ikkje alt blei så bra som me skulle ønske- har me gjort ein kjempe jobb.

I fare for å høyrest ut som ein prest, eller som ordførar Karl Fredrik…… Så har eg også sett meg om når eg har kjørt hit i dag. Eg har sett haust- og vår sådde åkre. Gras og beite. Små og store driftsbygningar og fjos til alle husdyrslag. Frukt og bær, både på friland og i tunell. Fine rader med grønsaker og potet. Ein blir nesten litt rørt.

Landbruket kan samanliknast med eit puslespel. Der det store bildet blir best når brikkene blir sett på rett plass. Slik er det med oss tillitsvalte og slik er det med dei ulike produksjonane. Me er ulike men passar perfekt samen berre me finn den rette plassen.

Alle har me forskjellige naturgitte premisser og ressursar på gardane våre. Me har også ulik kunnskap og forskjellige interesser.

I puslespelet er brikkene unike, dei har kanskje ikkje så stor verdi kvar for seg, men heilt  uvurderlige for å få puslespelet og bildet komplett.

Dette er noko me i næringa må vera veldig bevist på. At det er bruk for alle bønder, alle produksjonar i det totale bildet. I lokal samfunnet, i matproduksjon og totalberedskapen vår.

Vist me skal kunne overbevise forbrukarar og politikarar om at me ikkje kan dyrka kva som helst kvar som helst, må me også ha forståelse for det sjølve.

Me ønsker og treng meir frukt, bær og grønt. Skal me auke sjølvforsyninga må me også ha kjøtt, mjølk og egg.

Norsk mat og sjølvforsyning er i vinden som aldri før. Felleskjøpet  har auka salet av settepoteter i år med 17%, det blir poteter i bøtter og pallekarmar. Samen med jordepla må me klare å få ein forståelse der ut at beitedyra våre produserer det jordeplet er det perfekte tilbehør til. Heile puslespelet må på plass for å auke sjølvforsyninga på og ha landbruk i heile landet.

La oss finne ein god strategi for å utnytte dette i utmark, hage, åker og eng.

Målet bør vera å få til ein forståelse for at ALLE produksjonar trengs, slik det ikkje begrenser mogelegheitene for auka inntekt for husdyrprodusentane.