2018: Da var da året da vart so tørt og sidan so vått ............

  • Tips en venn om denne siden

- Nok eit travelt år med mange politiske saker på dagsorden samstundes som ein sommar med tørke og ein haust med mykje nedbør gav låge avlingar for mange grasprodusentar. Særleg i indre deler av fylket..

Statsråd Jon Georg Dale vart skifta ut med Bård Hoksrud som tidleg i 2019 er skifta ut med Olaug Bollestad.  Marknaden for dei fleste produkt er metta. Mykje grunna ein stadig aukande import.   Det gjer at ein ved inngongen til 2019 står i ein utfordrande situasjon når det gjeld å få opp inntekta til den som skal produsere maten på vårt bord.

Årsmelding for Sogn og Fjordane Bondelag 2018

Frå Vik 30. mai 2018 - Hausteklart gras

Fylkesstyret på gulrotopptaking i Lærdal

Anders Huus frå Norges Bondelag sentralt på tur i fylket hausten 2018.  Her er tema sau i møte med Jan Asle Bolset.  Til Høgre er fylkesleiar Anders Felde.

 

Årsmelding 2017

Årsmelding for 2017

Årsmeldinga for 2017 finn du her. Det har vore eit år med høg aktivitet i fylkeslaget.

Styret i Norges Bondelag var på Vestlandstur i august med innlagt besøk mellom anna hos Wald Lyslo og Brit Brækhus i Innvik.  Dei satsar mellom anna på bringebær.

2016: Nok å henge fingrane i

Årsmeldinga for 2016 kan du lese nedanfor. Dette året ein kortversjon som vart presentert saman med ein video i årsmøtet. 2016 vart ikkje noko unntak - mange aktuelle saker å ta tak i både lokalt og nasjonalt.

Anders Felde og sonen Jakob meiner at Noreg og verda treng bønder på Breim

Eit år med svært mange "ballar i lufta"

2015 vart prega av mange høyringssaker både på nasjonalt og lokalt nivå. Viktige tema var forenkling, lausdriftkrav, marknadsbalansering, eigedomsregelverk og forslag om skatteendringar. Fleire av sakene finn du omtala i årsmeldinga for Sogn og Fjordane Bondelag for 2015.

Årsmelding 2013

2013: Regjeringsskifte med første landbruksminister frå Frp

Jordbruksforhandlingane til våren kan verta ei krevjande øving, men for Bondelaget er det eit mål, å forhandle fram ein god avtale for den norske bonden. For landbruksnæringa er det viktig framover å klare å stå samla som ei næring med ein felles bodskap. Me må peike på det positive og samstundes bygge ein kunnskap som gjer at når verkemidlane støttar opp om måla om ein auka matproduksjon som står uttalt i regjeringsplattforma, skriv mellom anna fylkesleiar Per Hilleren i si innleiing i årsmeldinga for 2013

2012: Brot i jordbruksforhandlingane

I 2012 er det brotet i jordbruksforhandlingane med påfølgande politisk arbeid knytt til toll og partiprogram som har teke mykje tid. Nedanfor finn du lenkje til årsmeldinga for Sogn og Fjordane Bondelag for 2012.

2011: Medan vi venta

Årsmeldinga for 2011 er ferdig. Ho skal handsamast i fylkesårsmøtet den 8. og 9. mars 2012.

a

2009: Finanskrisa reduserte rentene, men ……….

2009 var det året finanskrisa skapte dei store overskriftene ved starten av året medan fredspris til Barack Obama, mislukka klimatoppmøte i København og vinterkulda skapte dei største overskriftene ved utgangen av året. Ein solid norsk økonomi med auka bruk av offentlege kroner kombinert med kraftige rentekutt medverka til å ta luven av finanskrisa. No skal det sparast på dei offentlege kronene. Handlingsregelen skal følgjast.........

a

2008: Det svingande året

I 2008 svinga det frå matvarekrise og høge matvareprisar i verda til finanskrise og motkonjukturpolitikk mot slutten av året. Nedanfor finn du lenkje til årsmeldinga til Sogn og Fjordane Bondelag for 2008.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere