RÅDGJEVAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anita Sæther.

 

- Me ynskjer å halde fram det gode samarbeidet med Tenden Miljø og betre den ordninga me har, angåande henting av landbruksplast. 

I dag går ordninga ut på at firma hentar landbruksplasten, på bestemte stader ein til to gongar i året. 

Korleis kan ordninga verte betre?

- God dialog om kvar henteplassane er og når landbruksplasten blir henta. Det er viktig at me har nok henteplassar og at me dekkar størst mogeleg del av fylket. Vidare ynskjer me og gje tydlegare informasjon om kva som kan leverast og kva som ikkje kan leverast. 

 

Metallskrot

- Vi jobbar også med ei ny ordning, der ein kan levere metallskrot. I fyrste omgang er det ei prøveordning, me vil forsøke i Sunnfjord.

Dette kom fram på eit møte i juni. Ifylgje Sæther vil lokallagsleiarar i bondelaga i Sunnfjord bli kontakta, for å høyre kva dei meinar, og om det er interesse for det.

- Me er opptekne av å ha ei best mogeleg ordning, for alle partar. Landbruksplast og innsamling av metallskrot vert tema på leiarmøtet i oktober.