Sist veke hadde Sogn og Fjordane Bondelag invitert fylkesberdskapssjef Haavard Stensvand til eit kort møte for å drøfte korleis landbruket sine ressursar kan verte ein meir formell del av beredskapen lokalt.  Ja, bøndene stiller sjølvsagt opp når det trengst, og dei har ei svært viktig rolle i mange bygder utan at dette er formalisert på noko vis.  Ein trør til når det trengst.  

Stensvand sa at fylkesmannen nyttar mange høve til å snakke fram friviljugheitene i og med kommunane. Viktig å snakke opp bøndene sin innsats og deira rolle i beredskapen på dei arenaene der det er naturleg.  Medviten på kva steller bøndene med og kva steller bøndene ikkje med?   Medviten på kva steller fylkesmannen med og kva steller ikkje fylkesmannen med?  Fylkesmannen har dialogen med den kommunale kriseleiinga rådmannen, men ikkje det konkrete redningsarbeidet.  Det ligg til kommunane å løyse.  Difor vil det vere viktig å drøfte den konkrete beredskapen med kvar einskild kommune.  Kanskje kan lokallaga ta ei aktiv rolle her saman med fylkeslaget?

Frå venstre fylkesleiar Anders Felde, Mari Severinsen, seniorrådgjevar hos fylkesmannen, Christian Rekkedal, landbruksdirektør og Haavard Stensvand, fylkesberedsskapssjef.

Aktuelle tiltak som vart drøfta i møtet og som er aktuelle å samarbeide om kan vere:

  • Berdskapsøving med fokus på til dømes brann i fjøs.   Her kan fylkesmannen og Bondelaget medverke med nokon kroner slik at det vert mogleg å gjennomføre øvinga.   Viktig i etterkant å fokusere på læringseffekt.   Kva har vi lært av ei slik hending?  
  • Kommunalt beredskapsråd –  Kan vere aktuelt for lokalt bondelag å invitere seg inn og ha innleiing der i dei kommunane der dette fungerer.
  • Fylkesmannen -  Kan vere medarrangør for eventuelt eit seminar på nettet der vi inviterer inn brannsjefane til møte.   Landbruksavdelinga kan hjelpe til med å organisere det
  • Dialog med Sogn Brann og redning tidlegare i sommar.  Korleis vil Sogn Brann og redning jobbe vidare med denne avtala?  Kva vert Bondelaget si rolle i å gjere avtala kjend?  Kan dette vere ein idè som andre brannkorps og kommunar kan låne frå Sogn Brann og redning?

Fylkesberedskapssjefen er også positiv til å delta i liknande møter som hadde vore gjennomført tidlegare i lokallaga i Sogn og Fjordane gjennom Tryggare Saman.  Fylkesleiar Anders Felde peikar på det å arbeide med ulike former for lokal beredskap som ei viktig sak å arbeide med både lokalt og på fylkesnivå framover.