- Ynskjer å gjere ein skilnad i bruken av plast
Ber bønder svare på ei spørreundersøking.
FRÅ VENSTRE: Håkon Hjelle Roset og Marcus Røed Frøyset.
- Vi er to karar på 19 år ifrå Gloppen som ynskjer å gjere ein skilnad i bruken av plast i det lokale landbruket.
Det fortel Håkon Hjelle Roset.
- Det lokale landbruket er viktig for omgivnadene, difor ynskjer vi å finne alternative produkt som kan erstatte noko av den plasten som blir nytta idag. Vi er gründer-interesserte begge to, og ynskjer difor å finne ut meir om kva sjølve bonden tenkjer om akkurat dette.
Håpar bøndene i fylket vil svare
Roset fortel at spørreundersøkinga er anonym, og håpar at bøndene tek seg tid til å svare.
Ynskjer du å svare, klikk her.