FRÅ VENSTRE: Håkon Hjelle Roset og Marcus Røed Frøyset. 

 

- Vi er to karar på 19 år ifrå Gloppen som ynskjer å gjere ein skilnad i bruken av plast i det lokale landbruket.

Det fortel Håkon Hjelle Roset. 

- Det lokale landbruket er viktig for omgivnadene, difor ynskjer vi å finne alternative produkt som kan erstatte noko av den plasten som blir nytta idag. Vi er gründer-interesserte begge to, og ynskjer difor å finne ut meir om kva sjølve bonden tenkjer om akkurat dette.

 

Håpar bøndene i fylket vil svare 

Roset fortel at spørreundersøkinga er anonym, og håpar at bøndene tek seg tid til å svare.

Ynskjer du å svare, klikk her.