Med ulv på nordsida av Sognefjorden Høyanger, Fjaler og Hyllestad for andre vinteren på rad, er det ikkje tvil om at det vert høgrøysta hovudristing over manglande fellingsløyve.  Det er ein uhaldbar situasjon, at det skal vere ein bufast ulv i beiteprioritert område seier avtroppande lokallagsleiar Inge Brekke.  Ein ulv som DNA analyser syner ikkje er genetisk viktig og den befinn seg så langt vekke frå ulvesona som den kan kome utan å legge til havs.   

I førekant av årsmøtet hadde lokallaget kalla inn ulike involverte partar til eit drøftingsmøte om kva som må gjerast for å kunne få lagt til rette for at ulven kan verte felt komande vinter.  Den nyvalde leiaren vil saman med resten av styret arbeide vidare med fokus på saka.  Ei anna sak som opptok medlemene var nedskaleringa av mjølkeproduksjonen 

Aktivitet det komande året

Lokallaget ynskjer å invitere skular og barnehagar på gardsbesøk.  Dei vil arrangere bondepub for medlemene og planlegge utflukt til gardsbruk som har ei relevant drift å sjå på.  Studietur for å sjå på nedfellingsutstyr for husdyrgjødesel vart nemt som aktuelt.  Elles vart det poengtert som viktig å delta i leiarmøtet og fylkesårsmøtet.

 

Engasjerte deltakarar på årsmøtet i Høyanger Bondelag

Styret i Høyanger Bondelag f.v. Arnt Inge Bosdal, Jan Helge Hjelmeland, Einar Meek Ljotebø, Yngve Fardal og Inge Brekke.  Lukke til med nytt arbeodsår.