Vurderer samanslåing med Kjølsdalen
- Det er naturleg at vi etterkvart sonderer om det vil vere mogleg å verte ein del av Kjølsdalen Bondelag, seier leiar i Bryggja Bondelag Bjørg Marie Roset.
Årsmøtet i Bryggja Bondelag er samde med leiaren i at det vil vere naturleg å undersøkje om samanslåing med Kjølsdalen Bondelag kan vere mogleg å få til. Årsmøtet valde følgjande personar til å sitje i styret i Bryggja Bondelag : Leiar Bjørg Roset som har med seg styremedlemene Marit Nore , Olav Gjesdal, Alfhild Fagerli og Odd Rundshaug. Det vert desse som får oppdraget med å få til ei samanslåing med Kjølsdalen Bondelag.
Styret i Bryggja Bondelag f.v.: Olav Gjesdal, Bjørg Marie Roset, Odd Runshaug, Marit Nore og Alvhild Fagerli.