Vitja Nordfjord Kjøtt
- Det er interessant å verte invitert med på bedriftsbesøk for å sjå kva verdiskaping som skjer i Loen, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren som saman med leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti vitja Nordfjord Kjøtt tidlegare denne månaden.
Nordfjord Kjøtt er ein av dei største arbeidsplassane i heile fylket, og som leiar for Sogn og Fjordane Bondelag tykte eg det var interessant å høyre og lære om kva som rører seg i denne verksemda seier Hilleren. Fylkesleiaren fekk omvising i verksemda og hadde også drøftingar om landbruket og næringsmiddelindustrien sine vilkår. - Vi var nok ikkje samde om alt, men at Nordfjord Kjøtt er ei viktig hjørnesteinsverksemd i Stryn kommune og i fylket kunne vi kjapt einast om held Hilleren fram. Saman med Nortura, Tine og Lerum sine verksemder utgjer Nordfjord Kjøtt ein stor og viktig næringsmiddelindustri i Sogn og Fjordane.
Kring 1000 menneske er sysselsette i næringsmiddelindustrien i fylket og saman med primærlandbruket utgjer dette ein vesentleg del av næringsliv og sysselsetjing i fylket.