Frå venstre Nils P. Støyva, leiar i Sogn og Fjordane Ap, Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt og Per Hilleren, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.Nordfjord Kjøtt er ein av dei største arbeidsplassane i heile fylket, og som leiar for Sogn og Fjordane Bondelag tykte eg det var interessant å høyre og lære om kva som rører seg i denne verksemda seier Hilleren.   Fylkesleiaren fekk omvising i verksemda og hadde også drøftingar om landbruket og næringsmiddelindustrien sine vilkår.   - Vi var nok ikkje samde om alt, men at Nordfjord Kjøtt er ei viktig hjørnesteinsverksemd i Stryn kommune og i fylket kunne vi kjapt einast om held Hilleren fram.  Saman med Nortura, Tine og Lerum sine verksemder utgjer Nordfjord Kjøtt ein stor og viktig næringsmiddelindustri i Sogn og Fjordane. 

Kring 1000 menneske er sysselsette i næringsmiddelindustrien i fylket og saman med primærlandbruket utgjer dette ein vesentleg del av næringsliv og sysselsetjing i fylket.