Etter at NVE publiserte nasjonal ramme for vindkraft, har det vore mykje engasjement kring temaet i fylket vårt. I Sogn og Fjordane har store delar av ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord blitt inkludert i områda som er markert som aktuelt for utbygging av vindkraft, og reaksjonane til dette har vore blanda.

Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane arrangerte i slutten av mai eit seminar med temaet vindindustri på land, og her heldt advokat Tine Larsen frå Advokatfirmaet DSA AS føredrag om dei juridiske rammene kring etablering av vindkraftanlegg. 

Lovverk

Eit vindkraftanlegg må ha konsesjon etter energilova. Vindkraftanlegget fell inn under plan- og bygningslova men det er ikkje reguleringsplikt for vindkraftanlegget. Det betyr at kommunane kan velje å utarbeide ein reguleringsplan for vindkraftanlegg, men det vil normalt sett ikkje ha noko betydning. - I praksis blir det heller gitt ein dispensasjon frå gjeldande arealplan framfor å lage eigen reguleringsplan. Dette er både kjappare og mindre ressurskrevjande. Dessutan blir avveginga av fordelar/ulemper ikkje utført når ein gir dispensasjon frå arealplanen, då denne avveginga har allereie blitt utført av Olje- og energidepartemetnet eller NVE når konsesjonen har blitt gitt, forklarar Larsen.

Har kommunane vetorett?

- Kommunane er høyringsinstans for konsesjonssøknaden, forklarar Larsen. Det vanlege er at konsesjonsmyndigheitene skal vektlegge høyringsuttalelsen frå kommunane i sine vurderingar, og i praksis har det blitt praktisert ein uformell vetorett.  Av 244 omsøkte vindkraftkonsesjonar har 39 fått konsesjon. NVE har gitt konsesjon i 5 saker der kommunen var negative. Alle vart klaga inn til Olje- og energidepartementet og 4 av kommunane fekk medhald i klagene sine. Kun ein kommune har fått vindkraftanlegg mot sitt ynskje. Kor sterkt denne praksisen står er uvisst, men per i dag har vi ein olje- og energiminister som seier han ikkje ynskjer å overprøve kommunane. - Men dette er ikkje ein lovfesta vetorett så dette kan endre seg, seier Larsen.

Skilnad frå konsesjon til utbygging

Nokre av kommunane som i utgangspunktet var positive til etablering av vindkraft har i ettertid opplevd at anlegget som blir etablert er noko anna enn det dei var førespegla. Larsen nevner her Guleslettene i Flora og Bremanger kommune som eit døme. Då kommunane sa ja til vindkraft var dette basert på ein park med turbinar inntil 125 m høgde og ei plassering som gjorde vindmøllene lite synlege for bebyggelsen. Som følgje av teknologisk utvikling er turbinane no 160 m høge, dei må lyssetjast ettersom dei er over 150 m høge, og dei har blitt flytta nærare bebyggelsen. Fordelen er at arealet som blir tatt i bruk for parken er mindre enn først førespegla då det trengs færre turbinar, men baksida er at dei no er meir synlege. Korleis kan dette skje?

- Konsesjonen som blir gitt er ei ytre arealgrense for eit planområde og ei tillatt mengde installert effekt, forklarar Larsen. Det er dermed stor fleksibilitet innanfor konsesjonen som skal ta høgde for rask teknologiutvikling og store endringar. Den endelege fastlegginga av turbinhøgde og plassering blir ikkje fastsett før i detaljplan og miljø-, transport- og anleggplanen (MTA-plan) som kjem etter at konsesjonen er gitt. I detaljplan blir den endelege utforminga og teknisk beskrivelsen fastlagt, og MTA-planen skildrar arealbruk, byggemåte og konsekvensar for natur og miljø. Denne planen skal utarbeidast i dialog med kommune og berørte grunneigarar. Med ei vid konsesjonsramme er det mykje som skal til for at MTA-planen vil avvike frå konsesjonen, og dermed utløyser ikkje dette nytt konsesjons- og eventuelt ekspropriasjonsvedtak med tilhøyrande høyring av planane.

- Dette fører til spørsmål om kva vurderingar ein faktisk kan gjere på konsesjonssøknad nivået, seier Larsen. Noko av problematikken ligg i at konsesjonen og dermed eit ja til å utvikle vindkraftanlegg, blir gitt før ein har utført ei naturtypekartlegging som får fram kva ei utbygging vil ha å seie for naturmangfald, naturtypar, vegetasjon og fugl. Larsen stiller spørsmål ved om ein ikkje bør ha eit fyldig kunnskapsgrunnlag før ein går i gang med å gi konsesjon.

Skatteinntekt?

- Vindkraftkommunar som har eigedomsskatt på verk og bruk, kan få store relativt inntekter på vindkraft, men det er ein svært usikker inntektsordning då det har vore mykje uro rundt denne beskatninga, seier Larsen. I tillegg avheng inntekta av at kommunane har eigedomsskatt på verk og bruk eller næring, viss ikkje må dette innførast og då gjeld det for alle. Dette er ikkje alltid ønskeleg. - Det er heller inga skattlegging på vindkraft i forhold til bruk av fellesskapets natur og naturressursar, og dermed er ikkje kommunane sikra inntekt på det dei lokale naturressursane bidreg med. Samanlikna med vasskraft er det dermed lite sikre inntekter for kommunar i forhold til vindkraft, og Larsen argumenterar for at tilsvarande ordning bør førast over på vindkraft. Regjeringa sette i 2018 ned eit ekspertutval som skal vurdere skattlegging av vasskraft. Mandatet til utvalet er å sjå på skatteinnrettinga utfrå næringsnøytralitet, og då vil vindkraft vere ein del av vurderinga.

 

Presentasjonen til Tine Larsen kan de sjå HER.