"Tørre og spørre" var tittelen på vervekampanjen som gjekk i Bondelaget i fjor haust. -Dette omgrepet oppsummerer godt kva vervinga handlar om, seier Oddvin Haugland ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag. Målet er at alle nye produsentar, samt så mange som mogleg av andre ikkje-medlemar, skal verte spurde om det kan vere av interesse og verte medlem.

I verveutvalet til Sogn og Fjordane Bondelag sit Lidvin Hage og Kari Sigrun Lysne frå fylkesstyret, og Oddvin Haugland frå kontoret er sekretær. Basert på gode erfaringar tidlegare, ønskjer verveutvalet å satse på samarbeid med utvalde lokallag og gjennomføre besøk heime hos potensielle medlemer. Eit anna tiltak er å vere synlege på ulike arrangement der det er stort sannsyn for å møte nokon som kan ha interesse av Bondelaget. Lokallag som ønskjer hjelp til vervearbeid er velkomne til å kontakte medlemer i verveutvalet, eller tilsette ved kontoret.

Lidvin Hage, Kari Sigrun Lysne og Oddvin Haugland har planane klåre for korleis dei skal sanke nye medlemer.