Landbruks- og Matdepartementet kjem med forslag om å forby dyrking av myr i Norge.  Forslaget er i desse dagar sendt på høyring med frist for innspel sett til 11. oktober.   Grunngjevinga for forslaget er å hindre at dyrking av myr gjev auka utslepp av klimagassar. 

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag stiller seg kritisk til framlegget om å forby dyrking av all myr.   Han ynskjer opning for å kunne dyrke grunn myr der du har mineraljord under.   Mineraljord har fortrinn som dyrkingsjord. Av myr er det grunn myr med veleigna mineraljord under som har klårt størst dyrkingsverdi.    - Eg tykkjer det er underleg at regjeringa ikkje tek inn over seg vedtaket i handsaminga av jordbruksmeldinga i april. Der blir det synt til skilnaden mellom å dyrke grunn myr og djup myr.  Stortinget poengterte då at skilje mellom dyrking av grunn og djup myr måtte utgreiast grundig, før saka kom på høyring, seier fylkesleiaren i Bondelaget.  - Eg kan ikkje sjå av høyringspapira at ei slik utgreiing er gjort, held Felde fram.

Om du ynskjer å setje deg inn i høyringssaka finn du høyringspapira på Landbruks- og Matdepartementet sine sider her 

I Dvergsdalen i Jølster har dyrking av myr frå 1930-talet og til dags dato gjeve grunnlag for busetnad og jordbruksproduksjon