Vil råke bonden utan anna jord å dyrke enn myr
- Innføring av forbod mot dyrking av myr vil redusere ein del bruk i fylket sitt potensiale for jordbruksproduksjon, seier fylkesleiar Anders Felde
Landbruks- og Matdepartementet kjem med forslag om å forby dyrking av myr i Norge. Forslaget er i desse dagar sendt på høyring med frist for innspel sett til 11. oktober. Grunngjevinga for forslaget er å hindre at dyrking av myr gjev auka utslepp av klimagassar.
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag stiller seg kritisk til framlegget om å forby dyrking av all myr. Han ynskjer opning for å kunne dyrke grunn myr der du har mineraljord under. Mineraljord har fortrinn som dyrkingsjord. Av myr er det grunn myr med veleigna mineraljord under som har klårt størst dyrkingsverdi. - Eg tykkjer det er underleg at regjeringa ikkje tek inn over seg vedtaket i handsaminga av jordbruksmeldinga i april. Der blir det synt til skilnaden mellom å dyrke grunn myr og djup myr. Stortinget poengterte då at skilje mellom dyrking av grunn og djup myr måtte utgreiast grundig, før saka kom på høyring, seier fylkesleiaren i Bondelaget. - Eg kan ikkje sjå av høyringspapira at ei slik utgreiing er gjort, held Felde fram.
Om du ynskjer å setje deg inn i høyringssaka finn du høyringspapira på Landbruks- og Matdepartementet sine sider her
I Dvergsdalen i Jølster har dyrking av myr frå 1930-talet og til dags dato gjeve grunnlag for busetnad og jordbruksproduksjon