- Ja, eg ser at i dialogen med kommunen kunne det vore enkelt å ha vore eitt lag i kommunen, men eg meiner vi løyser dette godt gjennom eit felles samstyre, held Dolen Nesje fram.   - Ja, vi kan heilt sikkert verte betre i å samhandle i ein travel kvardag, så det skal eg prøve å ha fokus på no som eg også er vald til leiar i Samstyret.  

Ved at vi i lokallagsstyra sit så nærme bonden klarar vi lettar å snappe opp utfordringar,  og vi får også lettare innspel.   Stryn kommune er ein vidstrakt kommune med ulike produksjonar.  Vi treng eit stort engasjement frå mange, avsluttar Mathilde Dolen Nesje.

På årsmøtet i Oppstryn Bondelag sist veke fekk også nedskalering av mjølkeproduksjonen, økonomien og organisasjonsprosessen på fylkesnivå stor merksemd.

Det møtte 16 medlemer på årsmøtet i Oppstryn Bondelag.  Leiar Dolen Nesje trur ikkje så mange hadde møtte om alle dei 6 lokallaga i Stryn vart eitt lag.