- Eg har cirka 1000 blårev og kvitrev, seier Finn Årdal.

Han har drive med pelsdyr heile sitt vaksne liv. Ei næring som har vore i familien i generasjonar.

- Dette er ein av dei eldste pelsdyrgardane i Norge med samanhengande drift, fortel han.

Ifylgje Årdal starta bestefaren med pelsdyr allereie på 30-tallet.

 

Sjå video med Finn Årdal her:

https://www.youtube.com/watch?v=dYWOEG9_ouI&feature=youtu.be

 

Vil avkrefte myter

- Det er veldig spennande å drive med pelsdyr. Vidare er det korte generasjonar, på den måten får ein stor effekt av avlsarbeidet.

Ifylgje Årdal er revane rolege og tillitsfulle. Han gjev dei det stellet dei skal ha og seier dei har det godt. Difor er det sårt for han at det eksisterar så mange myter rundt næringa.

- Mange trur pelsdyra er ville og galne dyr som spring skada rundt i bura sine. Eg ynskjer difor at så mange som mogeleg skal besøkje meg, slik at dei kan sjå at det ikkje er slik.

 

Besøkjande var imponert

Ordføraren i Jølster, fylkesvaraordføraren i Sogn og Fjordane og eit syskenborn av Årdal var blant dei besøkjande på laurdag.

- Eg tykkjer det er flott at pelsdyrnæringa syner fram dyra slik dei gjer. Det er ei hardt pressa næring, seier ordførar i Jølster kommune Oddmund Klakegg (Sp).

Han får støtte hjå Jenny Følling (Sp), fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane.

- Det er kjekt å vera her og sjå. Eg ser velstelte dyr med roleg lynne, fortel ho.

Også syskenbornet til Årdal, Bjørg Årdal Nygård er full av ros.

- Eg er positiv til at han opnar opp garden slik, for det er nok mange som aldri har sett rev før og som kan lære litt av å ta turen innom.

 

- Alle er velkomne

 

- Uansett kva dag det er, om folk ringjer og vil sjå på revane er dei hjarteleg velkomne.

 Årdal seier mange vert overraska når dei kjem inn til pelsdyra.

- Mange har feil inntrykk av oss, difor er det moro at folk stundom endrar oppfattning av pelsdyrnæringa etter dei har vore på besøk.