Vil du vere med som storfehaldar også i framtida?

Møt opp på Hyllestad kommunehus tysdag 26. januar kl. 20.00. Tema er:

Jo Helge Sunde frå storfeprosjektet i Sogn og Fjordane:

  • Er det liv laga for mellomstore og mindre besetningar?
  • Økonomien i storfehaldet på mjølkeku og ammeku

Terje Ramstad frå Mattilsynet:

  • Aktuelt regelverk som bonden må forhalde seg til
  • Kva er det som blir kontrollert på inspeksjon?
  • År 2024, regelverket kring lausdrift og nye beitekrav
  • Kva dilemma ser Mattilsynet for seg på den einskilde gard i høve til 2024

Det vert enkel servering, og difor påmelding til Liv Synnøve Andersen på sms/tlf 94899611 eller mail liv.synnove.andersen@tine.no innan 22. januar.

Møtet er eit samarbeid mellom Tine, Fjaler og Hyllestad Bondelag, Hyllestad bonde- og småbrukarlag, Hyllestad kommune og Norsk Landbruksrådgjeving.