Opplegget er lagt opp til at ein ung bonde gjer avtale med ein erfaren bonde som diskusjonspartnar i drifta. Mentor må ha erfaring innafor tradisjonelt landbruk eller andre landbruksbaserte næringar.

Mentorpara får opplæring i kva opplegget går ut på, og kva det vil seie å vere mentor før ein set i gong. Dei vert knytta til ein regionkontakt, og det vert eit møte før ein startar opp.

Mentorordninga er støtta med midlar over Jordbruksavtalen, og er utvikla i dialog mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og NLR. Innovasjon Norge er involvert på regionnivå.

Ordninga starta for eit år sidan, og mange av dei som har vore med dette året melder tilbake om godt utbytte.

Regionkontakt for Sogn og Fjordane er Ove Sørestrand, og det er berre å ta kontakt for meir informasjon. Mobil: 95138819 E-post: ove.sorestrand@nlr.no

Søknadsfrist er 1. desember.