Det overordna målet for kurset, som kan gje 5 studiepoeng i Høgskulen sitt system, er å styrke frukt- og bærklynga, og å betre deltakarane sin kunnskap, evne og ferdigheiter innan arbeidsleiing.  Det er eit mål gje tryggare frukt- og bærdyrkarar, meir nøgde medarbeidarar, fokus på arbeidsoppgåvene og meir motiverte og inspirerte medarbeidarar.  Målgruppa for kurset er frukt- og bærdyrkarar, men også andre bedriftsleiarar med innleigd arbeidskraft vil ha stort utbyte av kurset.  _ Det er krevande å vere arbeidsleiar for mange personar, og det er krevande å kunne gjere dette på ein slik måte at det skapar best mogleg økonomi for dyrkaren og trivsel og arbeidslyst hos medarbeidaren, seier Per Hilleren som vonar mange finn det av interesse å styrke kompetansen sin innan arbeidsleiing.

Kurset vert gjennomført i eit samarbeid mellom Arena frukt og bær og høgskulen i Sogn og Fjordane.  Kurset har påmeldingsfrist tysdag den 28. februar.

Her kan du lese meir om kurset