Vassregion Sogn og Fjordane er delt i dei fire vassområda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Karakteriseringa av vassforekomstane skal vere utført innan 15. februar 2012. Etter dette startar arbeidet i vassområdeutvala for alvor, mange oppgåver ventar denne våren. Vassområdeutvala skal mellom anna sjekke om alle opplysningar og data har blitt registrert i databasen vann-nett, og kome med innspel på kva utfordringar som er dei største i vassområda.

-Gjennom heile prosessen skal det leggjast til rette for lokal medverknad, seier Anita Sæther ved Bondelagskontoret . Dei ulike vassområda vel sjølv korleis dei vil organisere arbeidet sitt. For å sikre god og brei medverknad på lokalt nivå, er det viktig med opne prosessar. -Etter karakteriseringa er avslutta, skal resultata presenterast i møte i dei ulike vassområdeutvala. Eg reknar med at interessentar får invitasjon til presentasjonane, eller at det vert arrangert eigne møte som er opne for alle i etterkant, seier Sæther. Ho legg til at databasen "Vann-nett" er tilgjengeleg for alle, og at ein kan undersøkje korleis det står til med vassmiljøet i kvar enkelt vassførekomst der. Sjølv om karakteriseringa snart skal vere avslutta, kan det likevel ta litt tid før alt er registrert i databasen.

Du kjem inn på "Vann-nett" ved å trykkje her.

Meir informasjon om arbeidet i vassregion Sogn og Fjordane finn du på Vannportalen.