Det vi såg sist veke i NRK Brennpunkt er heilt uakseptabelt!  Det vil difor vere svært viktig at næringa set i verk tiltak som kan sikre dyrevelferda i norsk svinehald, og gjere oss i stand til å nedkjempe den typen uakseptable haldningar som vart synt i filmen held fylkesleiaren fram.

Ei lovfesting av dyrevelferdsprogrammet vil medføre, at om ein skal drive med svineproduksjon må ein vere med i dyrevelferdsprogrammet.  Da tykkjer vi er heilt i orden, seier Felde

Styrking av dyrevelferdsprogrammet, som vart presentert for statsråden i dag, medfører også eit obligatorisk kompetansekrav når det gjeld dyrevelferd og betre varslingsrutinar frå slakteria til Mattilsynet.  I tillegg skal slakteria kunne avslutte samarbeidet med bønder med dårleg dyrevelferd.   Då skal det heller ikkje vere mogleg for desse bøndene å levere til andre slakteri.   Dette er viktige innstrammingar som synleggjer at næringa står samla bak, poengterer Felde.

I samarbeid med Norsvin går Norges Bondelag nå saman om å organisere besøksringar for bønder i svinenæringa. Dårlige haldningar gjev dårleg åtferd.  Dei haldningane som vart synt i filmen må vi til livs.  Det å kunne møte kvarandre i fjøsen og snakke saman på ein positiv måte vil vere bra.  Haldningsskapande arbeid vil vere avgjerande, for vi kan ikkje tolerere den typen haldningar som filmen synte avsluttar fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

Dyrevelferda skal vere god og det same skal haldningane til yrkesutøvaren

Meir om møtet med statsråden kan du lese i artiklar på Norges Bondelag si nettside:

Styrkar krava til dyrevelferd

Tiltak for å styrke dyrevelferden