-Viktig plattform for vidare grøn omstilling og utvikling av norsk matproduksjon
I dag inngjekk Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag klimaavtale med Regjeringa.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Vi som produserer mat blir allereie utfordra av eit klima i endring, og vi bønder skal sjølvsagt bidra til å redusere utslepp og auke opptaket av karbon.
Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
- Eg er glad for at avtalen slår fast Stortinget sitt mål om auka sjølvforsyning, der eit landbruk over heile landet ligg til grunn.
I dag signerte Bondeorganisasjonane og Regjeringa ein intensjonsavtale om reduksjon av klimagassar og auka opptak av karbon i jordbruket. Partane forpliktar seg dermed til å redusere jordbruket sitt samla klimagassutslepp med 5 millionar tonn CO2-ekv. frå 2021-2030.
Ambisiøs avtale
-Eg er glad for at partane vart einige, fortel Felde.
Han meiner klimaavtalen gjev auka tyngde til fleire igangsette klimasatsingar i jordbruket, som auka produksjon av biogass, avlsarbeid, satsing på betre grovfôr og nye løysingar for eit fossilfritt landbruk.
-Vi er allereie godt i gang med fleire viktige klimasatsingar som skal bidra til at vi kjem i mål. Mange løysingar handlar om ny teknologi, men vel så viktig er klimagevinsten ved god agronomi og godt gras til kua, seier Felde.
Fylkesleiaren peikar på at særs mange klimaløysingar i landbruket ikkje blir bokført i dagens utsleppsregnskap. Han er difor glad for at avtalepartane er samde om å jobbe for at flest mogeleg tiltak for utsleppskutt og auke av karbonopptak i jordbruket skal bokførast og dermed bidra til å oppfylle sektoren sin klimaforpliktelse.
-Gjer bøndene klimakutt på garden sin, så må dei få kreditt for det. Det er eitt viktig prinsipp som ligg til grunn for avtalen, seier Felde.
-Eg vil fylgje arbeidet tett
I avtalen heiter det at både Regjeringa og næringa skal bidra til å oppfylle utsleppsforpliktelsen. Partane er samde om at aktuelle verkemiddel for å fylgje opp avtalen skal vurderast i samband med dei ordinære prosessane for statsbudsjettet, og for jordbruksforhandlingane.
-Vi treng fleire verkemiddel for å støtte opp om klimatiltak i jordbruket. Det er bra at dette skal vurderast fortløpande. Vi kjem til å fylgje arbeidet tett, avsluttar Felde.
Bakgrunn:
- Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag har forhandla om ein klimaavtale med Regjeringa sidan juni 2018.
- Avtalen er en intensjonsavtale om reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå 20212030. Avtalen er ikkje juridisk bindande.
- I 2018 kom 8,5 prosent av Norges klimagassutslepp frå jordbrukssektoren. Mesteparten av utsleppa stammar frå naturlege, biologiske prosessar som fordøyelse til husdyra og lystgass frå gjødsla.