Dialogen med politikarane er viktig for rammeverket kring landbruket er svært avhengig av at politikarane både har kunnskap og interesse for landbruket sine rammevilkår når viktige vedtak skal fattast.  - Eg ynskjer å møte politikarar frå alle parti og jobbar for å få til slike møte i vinter.  Så langt har eg hatt møte med representantar frå Arbeidarpartiet og Høgre, held Felde fram.  Av saker vi ynskjer å drøfte med partia er innhaldet i statsbudsjettet, internasjonale rammevilkår, investeringsordningar for næringa og marknadsbalansering.

- Det er svært mange viktige saker og rammeverk for næringa som er "sett i spel" av noverande regjering, summen av konklusjonane kan bli avgjerande for næringa sitt høve til å utvikle seg positivt, held Felde fram så her vil samtale og kunnskapsbygging vere viktig.

Frå møte med Arbeiderpartiet og LO på Byrkjelo.  F.v. Merete Støfring, Bondelaget, Anders Felde, Bondelaget, Svein Førde, NNN, Hilmar Høl, fylkesleiar Ap, Nils P. Støyva, LO, ungdomsrepresentant, NNN.  Framme står fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, Ap og Stortingsrepresentant Ingrid Heggø, Ap.

 

Frå møtet med Høgre på Bondelagskontoret. F.v.: Arve Mjømen, fylkesleiar H, Marit Flatjord, Bondelaget, Anders Felde, Bondelaget og Anders Kristian Sægrov, H