Video frå opninga av tømmerkaien.

 

Stolt 

LEIAR I FLORA SKOGEIGARLAG: Asle Magne Ellingsund. 

 

- Dette er ein stor dag, seier Asle Magne Ellingsund.

I tillegg til å vera leiar i Flora Skogeigarlag, er han også leiar i Eikefjord Bondelag. For Ellingsund var det ein stor dag då tømmerkaien i Eikefjord vart offisielt opna. 

- Det er klart. Det er ikkje kvar dag ein opnar tømmerkai i bygda. 

 

Helsing frå Sogn og Fjordane Bondelag

STYEMEDLEM I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Nils Magne Gjengedal. 

 

- Eg tykkjer dette har vore ein fin dag. Det er viktig at Bondelaget blir invitert til ei opning av ein kai, sidan bonden også kan vera skogeigar. 

Det fortel Nils Magne Gjengedal. På vegne av Sogn og Fjordane Bondelag hadde ei han helsing under opninga. 

- I helsinga frå Bondelaget takka me Regjeringa for at dei løyver pengar til infrastruktur både på sjø og land. I tillegg til at vi får gode tilhøve til å vinne fram skogen vår. 

 

Ynskjer du sjå fleire bileter frå dagen i Eikefjord? Klikk her.