Hilleren syner til kunngjeringa frå Tine om eit årsresultat etter skatt på 937 millionar kroner.  Store deler av dette overskotet er tenkt nytta i etterbetaling til den einskilde mjølkeprodusenten.  Leiinga i Tine går inn for at den einskilde mjølkeprodusenten får etterbetalt 42 øre pr. liter mjølk.  Noko av dette er betalt ut gjennom året, og det resterande vert betalt ut i mai månad.  - Det er avgjerande for landbruket fylket vårt at samvirkeverksemda Tine gjer jobben sin og leverer eit godt årsresultat som kjem mjølkeprodusenten til gode, seier ein nøgd fylkesleiar.