- Viktig å vera førebudd
Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, er med i aksjonsutvalet 2016.
- Det er viktig å vera førebudd, difor er det lurt å ha tenkt gjennom aksjonsformer før eit eventuelt brot, seier Felde.
Aksjonsutvalet skal mellom anna utvikle Norges Bondelag sin aksjonsberedskap fram mot jordbruksforhandlingane i 2016.
- Det gjeld å finne tydelege aksjonsformer som vert lagt merke til, fortel han.
I tillegg til Felde sit Birte Usland, Aslak Snarteland, Ola Råbøl og ein representant frå Norges Bygdeungdomslag i utvalet.